Det er ingen tvil om at Hødd hittil har lagt bak seg ei tung sesongoppkøyring.

Hødd har riktig nok møtt tøff motstand, men store tap mot Florø, Molde og AaFK har neppe hjelpt på sjølvtilliten til laget som rykte ned i fjor.

Laurdag fekk Hødd seg endeleg ein siger att då Træff vart slått 2–1 på nye Høddvoll.

– Det gjorde godt å få ein siger no, både for meg og gutane. Vi har fått køyrd oss litt hittil i oppkøyringa. Men no begynner vi å få litt folk tilbake frå skade, vi får betre treningar og ting ser ut til å lysne litt, meiner Eid.

Fekk du med deg denne? Hødd flørter med Luton

Han meiner spelet mot Træff laurdag var såpass positivt at Hødd kan ta med seg ei god kjensle vidare.

– Vi var klart best kampen gjennom. Eg synest vi spelar ein solid kamp. Vi burde berre scora fleire mål, seier Eid.

For Hødd spelte prøvespelar Badr Rahhaoui andre omgang.

– Han gjorde eit god inntrykk og blir med oss også mot Sogndal tysdag, fortel Sindre Eid.