Sendinga vart streama i samarbeid med nettavisa iTromsø.

Dette var ei kvalifisering mellom fire avdelingsvinnarar i 3. divisjon, der dei to beste rykker opp.

Tre kampar

I den første kampen laurdag møtte Bergsøy Alta-laget Bossekop. I denne vart det siger 38-22.

Laurdag klokka 19 sto favoritten Selbu for tur, men her vart det eit knipent tap, 27-30.

Søndag var det kamp mot Harstad klokka 13.30, og med uavgjort 22-22 i denne er Bergsøy klar for 2. divisjon.

Ein kunne fylgje alle kampane via web-TV. Tilbodet gjaldt for avisa sine abonnentar.

Vedrana Terzic

Vedrana Terzic er ein av to keeperar i BIL, og kona til Igor Terzic trudde på førehand at sjansane var gode.

– Eg trur vi må slå Bossekop, og truleg også Harstad. Selbu er nok det beste laget, men vi er ikkje sjanselause der heller, på ein god dag, sa ho.

Ho har spelt på fleire lokale lag, som Spjelkavik og Volda. No er ho inne i sin fyrste sesong i Bergsøy, men seier sjølv at ho mest er med for å støtte opp om fyrstekeeper Susanne Sandvik.

Mor og dotter

Med på laget er også mor og dotter. Siv Vestnes på 46 år er framleis ein god spelar, og no har ho dottera Lisa Marie med seg på bana.

Trenar er Igor Dokmanovic, som også trenar Bergsøys herrelag i 2. divisjon.

Utanom superveteranane Vedrana og Siv har elles BIL eit ungt og lovande lag. Og det er nesten kun spelarar frå Herøy med på laget.