Det seier Stefan Hansen etter at Moltustranda scora mot Hareid rett før kampslutt - og dermed sikra sitt første poeng sidan laget blei starta i fjor.

Etter 15 tap på rad smakar ikkje 1-1 mot Hareid så aller verst for trenaren - eller for dei rundt hundre tilskodarane som tok turen for å sjå Moltustranda-karane i aksjon på heimebane onsdag kveld.

– Dette var i grunnen veldig kjekt. Det var strålande ver, mange tilskodarar og god stemning! seier Hansen.

– Det er kjekt at så mange kom på kamp. Det håper eg dei vil fortsette med!

Som legg til at dette var den beste kampen sidan oppstarten av laget:

– Hareid var nok det beste laget og hadde ein god del sjansar. Men vi gjorde vår beste kamp sidan vi starta opp, stod på i 90 minutt og fekk utteljing til slutt.

Jubel i garderoba etter at Moltustranda IL sikra sitt første poeng i 6. divisjon onsdag mot Hareid. Foto: Stian Tarberg

Det siste målet kom heilt til slutt, då det ifølgje trenaren var eitt minutt igjen av kampen. Scoringa var det Branko Tepuric som stod for.

– Og så vil eg trekkje fram ein glimrande keeper, Ruben Bjørlykke Storøy, seier Hansen.

– Korleis vil de feire i kveld?

– Vi tek feiringa når vi har tatt den første sigaren! Men første poeng er også utruleg kjekt, seier Hansen og ler.

Neste kamp for 6. divisjonslaget blir 16. mai borte mot Gjerdsvika.

Yngve Hammervold (fremst t.v.), Ingmar Gotten, Kevin Løvøy Gascoigne, Ruben Bjørlykke Storøy, Henrik Moltubakk, Robert Moltu, Andreas Moltu, Stefan Hansen (bakarst t.v., trenar), Simon Olsen, Marco Dimmen, Sander Jøsok Nilsen, Lars-Petter Rønnestad, Karl Andre Dimmen, Stian Tarberg, Angel Zarza, Vebjørn Moltumyr (hjelpar). Foto: Privat