Ein må nemleg heilt tilbake til i 2015 for å finne sist Hødd-siger på bortebane i serien. I siste serierunde – 11. november – vart Brann slått 2–1 borte.

– Eg vil nok tru at det at me ikkje har vunne på bortebane på så lang tid har påverka spelarane. Det er sjølvsagt herleg å endeleg få det til, seier Hødd-trenar Sindre Eid etter 2-1-sigeren over Fana søndag.

Han var sjølvsagt stolt over sigeren. Ikkje berre fordi det vart tre poeng.

Men mykje på grunn av måten sigaren kom på.

– Heilt fram til Fana reduserte to minutt før slutt, så følte eg at me hadde full kontroll. Det vart sjølvsagt litt hektisk på slutten, men totalt sett synest eg vi leverer ein svært god bortekamp, seier Eid.

Sjå opptak av heile kampen - eller video av høgdepunkta til høgre (under om du ser på mobil)

Kontrollerte oppgjeret

I Bergen var det Hødd som tidleg festa initiativet i kampen.

Fana la seg lågt i bana, og lét Hødd styre oppgjeret. Hødd hadde god kontroll bakover, men sleit med å skape dei aller største sjansane.

– Vi gjer eigentleg akkurat som vi har planlagt. Vi har snakka om at vi må vere tolmodige og vente på sjansane slik at vi ikkje spelar på oss brot. I staden må vi tilarbeide motstandaren og hugge til når det passar seg slik, seier Sindre Eid.

(saka held fram under)

Torbjørn Kallevåg drog med seg ballen, passerte eit par mann og smelte til frå 20 meter. Skotet gjekk i mål og sende Hødd opp i leiinga.

– Torbjørn leverer på høgt nivå for oss for tida. Det er det ikkje tvil om, seier Sindre Eid.

Ville ha offside

Fana gjekk ut litt meir offensivt til verks etter kvilen, men Hødd hadde eigentleg god kontroll på oppgjeret heile vegen.

Spesielt etter at ungguten Bendik Rise skrudde eit frispark frå distanse i mål etter 68 minutt verka oppgjeret å bli ei transportetappe for Hødd.

– Bendik har ein fin fot. Vi veit at frispark i den posisjonen der er ein målsjanse for oss, seier Sindre Eid.

Hødd såg ut til å gå mot ein komfortabel siger, men to minutt før slutt kriga Fana inn reduseringa.

Linjemannen vinka for offside, men trass protestar frå Hødd-spelarane godkjente dommaren scoringa.

– Det vart heada via ein Fana-spelar til ein spelar som er i offside. Det er ikkje bevisst, men eg meiner det skal vere offside. Heldigvis vart det ikkje utslagsgjevande, seier Hødd-trenar Sindre Eid.