Torsdag og fredag blir det halde uttaksritt. Laurdag går b-finalen, før det heile blir krona med a-finale søndag.

Faktisk hadde ho det så hektisk i går at det berre var med nød og neppe ho fekk tid til å la seg intervjue av Sunnmørsposten.

Sjuande NM

Heldigvis er Vestnes islandshestforening rutinerte arrangørar. I tillegg til andre meisterskapar er dette sjuande gongen dei inviterer til NM. Vestnes islandshestforening hadde NM éin gong på 80-talet, éin gong på 90-talet – og fire gonger tidlegare på 2000-talet.

– Sjølv har eg vore med på dei fire siste. Vi er generelt sett flinke til å arrangere stemne, forklarer Elisabeth Sylte.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.

25 lokale deltakarar

Ho er usikker på kor mange tilskodarar som stikk innom i løpet av dei fire NM-dagane. Meir sikkert er det at det kjem dommarar frå både Tyskland, Sverige og Island for å dømme dei 130 deltakarane.

– Av desse 130 er 25 lokale ryttarar. Så det gror godt i islandshestmiljøet. Men merk at vi har mange ryttarar som ikkje deltek sjølv, men som hjelper til på andre måtar under NM, fortel Elisabeth Sylte.

Lokale favorittar

– Eg trur begge kan vinne, smiler stemneleiar Sylte.

Så står det igjen å sjå om Larsen og Pedersen kan innfri sportsleg. Ein godt gjennomført meisterskap av Vestnes islandshestforening blir det derimot heilt sikkert.