Totalt har Olympiatoppen tatt ut 43 utøvarar frå fem idrettar som får delta i den gjæve meisterskapen, som går i ungarske Györ siste veka i juli. Troppen inkluderer mellom anna eit heilt handballag. Edel Charlotte Eiken Fosse frå Ulsteinvik er ein av seks turnarar i troppen, av dei tre jenter.

– Det er veldig stort å bli tatt ut. Eg hadde jo eit lite håp om å bli med, men eg var langt frå sikker. No gler eg meg veldig til denne meisterskapen. Det blir ei stor oppleving, seier den 15 år gamle jenta.

Ho bur heime hos familien i Ulsteinvik, men har i det siste representert Nidaros turnforening. Ho trenar med dei no og då, men det meste av grunnlaget blir lagt heime.

– Eg trenar 21–22 timar per veke når eg er heime. No før ungdoms-OL skal eg to veker til Oslo for å trene der, fortel Edel Charlotte.

To dobbeltsaltoer i frittstående: Turnet seg til topps i hovedstaden

Gull i junior-NM

NORGESMEISTER Siste helga i april vart Fosse juniornorgesmeister i turn.

Siste helga i april vart ho junior-noregsmeister

. Ho har dessutan delteke i to FIG-konkurransar (internasjonale stemne) i år.

– Den første konkurransen gjekk ikkje så bra. Der vart eg nummer fem. Den andre gjekk betre. Der enda eg på andreplass. Men at eg ikkje gjorde det så bra første gongen har i grunnen ikkje så mykje å seie. Det var tidleg i sesongen. Uansett så er det basert på prestasjonane mine siste to åra eg er teken ut til ungdoms-OL, fortel Edel Charlotte.

Målet er finaleplass

Ho er det einaste lokale innslaget i OL-troppen. Nivået i turnkonkurransen er venteleg skyhøgt. Russland og Romania er tradisjonelt sterke turnnasjonar. Men i nyare tid har også fleire av dei vesteuropeiske nasjonane hevda seg betre og betre.

– Av 135 utøvarar er det 24 som går til finale. Målet mitt er å kome med der. Eg kan klare det dersom eg presterer opp mot mitt beste, håper turnjenta.

Våren 2016: Edel Charlottes første NM-gull!

Faren er trenar

Pappa Vidar Fosse skal vere med til Ungarn som trenar i den norske turntroppen. Han trur også finaleplass er eit fornuftig mål.

– Edel har hatt ein god sesong. Ho var litt uheldig i den første FIG-konkurransen. Men det er naturleg i og med at det har kome til nye øvingar i år, seier Vidar.