16-åringen frå Volda har vore av dei aller største bordtennistalenta i Noreg dei siste åra. Det vil seie; Sunniva fekk ei ufriviljug pause frå idretten då ho i fjor vår vart akutt sjuk.

Ho vart sendt til St. Olav Hospital i Trondheim etter ein alvorleg betennelse i hovudet. Og måtte trene opp seg sakte opp att.

Les også:

Nær ved å miste talentfull bordtennisdotter (for abonnentar)

På hausten måtte ho under kniven for ein operasjon i olbogen. Som ikkje var helt vellukka. Slik at ein ny operasjon vart naudsynt.

– No kan eg endeleg trene nesten for fullt, seier Sunniva. Som forlèt heimbygda i neste veke saman med pappa Finn, som vil bu saman med si dotter det fyrste året ho skal studere ved Norsk Toppidrettsgymnas i Bærum.

(saka held fram under)

Sørheim også på NTG

Ettersom Volda og Ørsta Bordtennisklubb var lagt ned nyleg grunna gjeld som det ikkje var mogeleg å handtere, har nokre av toppspelarane funne seg andre klubbar.

I likskap med Sunniva Sjøholt skal også jamgamle Sigurd Tjalveson Sørheim byrje på NTG i Bærum. Han vel å gå til Fornebu BTK, medan Sunniva Sjøholt har meldt seg inn i B-72, der mange av dei beste jentespelarane i landet er aktive. Klubben held til på Lørenskog.

– Eg valde B-72 fordi eg kjenner jentene der godt frå før, samt trenarane. Eg har også vore og trent der ofte, seier Sunniva.

Starta opp som niåring

Som begynte å spele bordtennis då ho var ni år gamal i Volda og Ørsta BTK. Saman med Mina Molnes Driveklepp sette Sunniva sin moderklubb på bordtenniskartet gjennom ei rekkje sterke resultat. I 2015 var Sunniva til dømes noregsmeister individuelt i P15-klassen, samt NM-gull også i mixed double.

– Kva for ambisjonar har du no som det vert flytting til Austlandet?

– Eg reknar med at det vert enda fleire internasjonale oppdrag. Eg har i alle høve lyst til å kvalifisere meg for ungdoms-EM, seier 16-åringen.

Årets utgåve at denne meisterskapen er nyleg ferdigspelt og Rebecca Carlsen, B-72, vart historisk med ein sterk 9.-plass i juniorklassa under EM. Det er den beste prestasjonen av ei norsk jente på dette aldersnivået.