Tema-side: Alt fra Norway Cup

Trena med Charlotte

Ho er no tilsett som «officiial skills ambassador» i sjølvaste Tottenham Hotspur. Der er ho travelt oppteken med ulike trikseoppdrag. Men Norway Cup skal ho ha med seg. Og jentene på FK Sykkylven er også glade for å ha med seg ei heiande Charlotte Lade på sidelinja.

JUBLA FOR AVANSEMENT FK Sykkylven sitt J14-lag vann 6-2 mot Gjelleråsen i 1/16-finalen. Framme frå venstre: Sara Eriksen Fet, Sanna Aslaksen, Benedicte Solbjør, Ida Nygård, Katrine Ramstad. Bak frå venstre: Ole Bjørn Hjellegjerde, Hedda Sunde, Victoria Rotnes, Oline Flemsæter Johansen, Malin Tiller, Maria Nygård Erstad, Natalie Hjellegjerde, Geir Erstad, Charlotte Lade.

– Vi har sett Charlotte trikse mykje både på YouTube, Instagram og andre videoar på nettet, fortel Katrine Ramstad og Maria Nygård Erstad.

Både Maria og Katrine synest det er stas at Charlotte Lade kjem for å heie på dei.

– Det betyr mykje for oss at ho er her, seier dei to jentene.

TRIKSA MED IDOLET Maria Nygård Erstad (til høgre) og Katrine Ramstad fekk trikse med idolet Charlotte Lade.

Slo Gjelleråsen

Maria scora to mål og Katrine fire då FK Sykkylven vann 6–2 mot Gjelleråsen i 1/16-finalen. FK Sykkylven leia 3–0 til pause og det gjekk mot eit tilsynelatande enkelt avansement for jentene. Men brått scora Gjelleråsen to gonger. Dermed var det nervøs stemning på sidelinja nokre minutt. Det gjaldt ikkje minst Charlotte Lade, som såg kampen saman med Sunnmørsposten sin utsende. Men med Maria Nygård Erstad og Katrine Ramstad i målform vart det til slutt ein grei siger.

– Vi datt litt nedpå etter 3-0, men det var trenarane sin feil, røper Maria og Katrine.

– Å? Kva gjorde dei feil?

– Dei sa vi skulle slappe av.

Det kunne også ein av trenarane, Geir Erstad, bekrefte.

På KM-jakt

Det var i 20-årsalderen Charlotte Lade slutta å spele vanleg fotball for å satse som triksar på heiltid, ein karriere som har vore strålande. No håper Lade på at fleire jenter frå Sykkylven kjem seg opp og fram innan fotballen. Og utsiktene er gode.

– I teorien kan vi vinne KM både i 11-ar- og sjuarfotball i haust, seier Geir Erstad.

Men det er i J16-seriane. Det er berre under Norway Cup desse jentene spelar i J14-klassen.

NB. J14-laget spelar 1/8-finale seint onsdag kveld. Motstandar er Sotra.