For sikkerheits skuld gjekk semifinalane til dei to laga samtidig – på kvar sin del av ei 11-arbane.

Begge sunnmørslaga var involvert i spennande kampar. Men det var Ørskog som først stakk ifrå sin motstandar. Jonathan Kobbevik Uren gav først Ørskog leiinga, men Halsnøy slo tilbake. Før pause ordna Elling Kongsnes Jørgenvåg 2-1.

Ørskog: Ein ekstrem formtopp

Etter den jamne 1. omgangen drog derimot Ørskog fort frå etter pause. Mål av Vebjørn Nakken (3-1), Elling Kogsnes Jørgenvåg (4-1), Vetle Vaksvik Sandberg (5-1) og Isak Nybø Urke (6-1) ordna ein siger som både var komfortabel, fortent og ikkje minst overraskande. Og ja, overraskande var det også for Ørskog-leiren.

- Nei, eg hadde aldri rekna med vi skulle nå så langt. Vi tapte første kampen vår her nede. Etter det har det berre gått oppover. Vi har vunne kampar både på sudden death og straffekonkurranse, før vi no vann så mykje i semien, seier Ole Uren, ein av trenarane til Ørskog G14.

- De spelar 2.-divisjon heime. Kvifor har de prestert så godt her nede?

- Vi har rett og slett fått ein formtopp, og blitt betre og betre her nede. Vi må hugse at karane har spelt i lag sidan barnehagen. Og dei har også vore i finalen i til dømes futsal-cupen heime. Men ja, det har gått veldig bra her nede, og no gler vi oss veldig til å møte Blindheim i finalen i morgon, seier ein svært glad Ørskog-trenar.

Blindheim: - Heilt fantastisk

Glede var det også mykje av i Blindheim-leiren – etter at dei vann 2-1 mot nordmørslaget Frei i sin semifinale. Det stod lenge mållaust. Men tidleg i andre omgang scora både Sigurd Mauren og Joakim Giskeødegård for Blindheim – begge etter assistar av kapteinen Peter Frostad. Kapteinen måtte sjå delar av semfinalen frå benken, sidan han sleit med ein skade. Mot slutten var det uhyre spennande då Frei reduserte. Men Blindheim stod han av og sikra seg finaleplass til enorm glede for både spelarar, leiarar og supporterar.

- Nei, dette var heilt fantastisk. Dette hadde eg ikkje rekna med vi skulle klare. Utruleg herleg. Eg har aldri vore med på noko kjekkare på fotballbana. No går vi for å vinne finalen, sa ein både glad og rørt Peter Frostad.

Blindheim og Ørskog er ikkje dei einaste sunnmørslaga som skal spele finale på Ekebergsletta i morgon. Det skal også Hareid, som møter Førde i finalen i G16-klassen (også det sjuar).

Det kan også bli fleire sunnmørslag i finalane. I 11-arklassane har dei ikkje kome heilt til finalane enno, men det blir spelt både 1/8-finalar og kvartfinalar med sunnmørsinnslag utover torsdagskvelden.