– Elskar klubben

Då Hødd slo Fana 4-0 i går scora Robin Shroot eitt av måla. Minuttet etter pause skaut han først i stonga – før han sjølv sette returen i mål. Shroot er oppe i fire mål på fire kampar for Hødd i august. Briten som vart toppscorar både i 2014 og 2016 har mildt sagt vore eit friskt pust for eit Hødd-lag som sleit offensivt i store delar av vårsesongen. I vinter gjorde Shroot seg upopulær blant fleire i Hødd-miljøet då han forsvann på lån til Viking. Det var derfor usikkert om han i det heile ville kome tilbake i sommar for å fullføre kontrakten med Hødd. Men no er situasjonen nesten snudd på hovudet: Shroot opnar også sjølv for å halde fram i Hødd.

– Vi får sjå kva som skjer. Eg vil ikkje seie eit klart ja eller eit klart nei no. Eg elskar denne klubben. Og eg trivest her både på og utanfor både. Men det er også andre faktorar inne i biletet, til dømes familien min, seier Shroot til Sunnmørsposten.