– Eg hugsar at eg scora hattrick i den første juniorkampen eg spelte for Vard Haugesund. Det er vel seks år sidan no. På seniornivå har eg aldri scora hattrick før, smiler Kallevåg etter storsigeren.

Midtbanespelaren trur dette var den beste kampen han har spelt i år. I alle tilfelle noterte han seg for sitt åttande, niande og tiande seriemål. Ikkje verst med omsyn til at Kallevåg også har mista fleire kampar grunna skadar.

– Eg er glad for å kome til mange sjansar og score fleire mål. Det er kjekt. Eg trur ikkje eg gjorde mange feil i dag, seier hattrick-helten blygt i samtale med Sunnmørsposten.

Best i alt

Det var berre spelt fem minutt då Kallevåg sette inn 1-0 frå kort hald. Høgre-vingbacken Daniel Eid stod for eit flott arbeid. Dei neste minutta skapte Hødd fleire store sjansar. Både Robin Shroot og Henrik Breimyr kunne ha dobla leiinga. Fana sin einaste store sjanse før pause kom i det 22. minutt ved Alexander Stockinger, som fekk stå mystisk åleine inne i 16-meteren.

KUNNE HA SCORA FLEIRE Ja, Robin Shroot kunne faktisk ha blitt hattrick-helt han også. Sjansane var der. Men Shroot spelte ein ny god kamp og scora sitt fjerde mål på fire kampar etter returen frå Viking.

Heldigvis for Hødd var avslutninga svak og gjekk over mål. Men sjølv om Stockinger eventuelt hadde scora der kunne det neppe ha hjelpt Fana mykje. Hødd viste seg å vere eit mykje betre lag enn bergensarane over heile linja. Før pause noterte vi også gode sjansar ved Daniel Eid og Torbjørn Kallevåg. Så 1-0 halvvegs var ikkje godt betalt.

Nye Kallevåg-mål

Men 2-0 kom berre minuttet etter pause. Robin Shroot skaut i stonga før han sjølv sette returen i mål. Det var britens fjerde mål på fire kampar etter returen frå Viking i sommar. Vidare hadde både Shroot og spissmakker Robin Hjelmeseth nye sjansar før Kallevåg sette inn 3-0 etter 64 minutt. Hødd viste mykje bra klikk-klakk-spel før avslutninga til hordalendingen. Bendik Torset var nest sist på ballen. Berre fem minutt seinare var Robin Hjelmeseth nest sist på ballen då Kallevåg punkterte til 4-0.

Hødd kunne ha scora langt fleire mål også. Mellom anna hadde innbytar Badr Rahhaoui eit par feite sjansar. Men poenga er jo det viktigaste. Og etter dagens siger har Hødd tre poeng ned til nedrykk. Det skal halde åtte rundar før slutt. Hødd bør nok heller sjå seg oppover på tabellen. Dei har visst god framgang etter nokre justeringar i stallen i sommar. Robin Hjelmeseth kom rett nok ikkje på scoringslista i dag, men viste mykje bra, spesielt i samarbeid med namnebror Shroot. Ein spelar som Bendik Rise held fram med å levere varene, no frå ei djupare rolle på midtbana. Og Daniel Eid, som spelar lengst ute til høgre i 5-3-2-formasjonen Hødd nyttar, fortener også ei stjerne i margen.

– Med tungt hjarte

– Vi opna kampen veldig bra og burde vel i grunnen ha leia med meir enn eitt til pause. Vi skapte jo mange sjansar. Men kampen vart jo i grunnen aldri spennande. Fana hadde jo aldri ballen. Dette var ein  ny god kamp av oss. Vi har vel spelt tre-fire gode kampar på rad no. I dag fekk vi full utteljing med fire mål meir enn dei andre, oppsummerer Torbjørn Kallevåg.

Han er inne i sin siste haust som Hødd-spelar. Og har ingen problem med å innrømme at det blir vedmodig å forlate Hødd til fordel for FK Haugesund etter sesongslutt.

– Det blir med tung hjarte eg reiser. Eg er blitt utruleg glad i både klubben og plassen. No skal eg gi alt resten av året slik at Hødd er best moglege førebudde til neste år. For då skal Hødd rykke opp, varslar dagens hattrick-helt.

Vande med endringar

Sindre Eid skal trene også Hødd neste år. Han skulle sjølvsagt helst sett at Torbjørn Kallevåg tek ein ny sesong i Ulsteinvik.

– Men å erstatte gode spelarar har Hødd gjort i alle år. Så det er ikkje noko nytt. Vi har spelarar i stallen allereie som vi har trua på og som kan ta steget til neste år, meiner Eid.

Som trass i at Fana ikkje er det beste laget i divisjonen er einig i at 4-0-sigeren var bortimot årsbeste av Hødd.

– Ja, det kan fort ha vore årsbeste. Denne kampen køyrde vi i 90 minutt. Vi skapte mange sjansar i første omgang, men leia berre 1-0. Så fekk vi 2-0 tidleg i andre omgang heldigvis. Og då var det vel gjort. Vi har hatt stigning heile vegen. Laget begynner å setje seg no etter at vi fekk supplert stallen i sommar. No skal vi levere ein haustsesong av godt gammalt Hødd-merke, varslar Hødd-trenar Sindre Eid.

Han ville ikkje fastslå 100 % sikkert at Hødd ikkje rykkjer ned. Men innrømte at det ser bra ut no.

Kampfakta

2.-divisjon avd. 2

Hødd – Fana 4-0 (1-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 1355 selde billettar og sesongkort

Mål: 1-0 Kallevåg (5), 2-0 Shroot (46), 3-0 Kallevåg (64), 4-0 Kallevåg (69)

Dommar: Thomas S. Lystad, Kolstad - 6

Gule kort: Sande (Fana)

Hødd (5-3-2/3-5-2): Ole Monrad Alme – Daniel Eid, Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu (K), Didrik Sereba – Torbjørn Kallevåg (Andreas Breimyr 75), Bendik Rise, Bendik Torset (Eirik Saunes 75) – Robin Shroot, Robin Hjelmeseth (Badr Rahhaoui 75).