Og vi tør påstå at ingen som var i Herøyhallen denne laurdagsettermiddagen kjem til å gløyme denne kampen. Ein periode tidleg i 2. omgang tok det heilt av både på bana og blant dei minst 200 tilskodarane på tribunen.

KAMPFAKTA2.-div. avd. 3Bergsøy – Utleira 22-22 (6-14)Dommarar: Ketil Johansen og André Lindgjerdet To gule kort og tre tominuttarar til begge laga. Flest mål Bergsøy: Beate Myklebust (9), Tina Gavranic (3), Kristine Håheim Vike (3). Flest mål Utleira: Tora Sletvold (6)

- Hadde sjansane

Men for å starte med starten: Bergsøy opna godt og fekk ei straffe som Tina Gavranic (tidlegare Volda) bomma på. Det var symptomatisk for heimelaget før pause. Dei viste fine tendensar innimellom og kom til ein del avslutningar, men presisjonen var rett og slett lite god. Og i trass i ein del gode redningar frå Susanne Skar Sandvik leia Trønder-laget Utleira heile 14-6 til pause.

- Vi spelte ikkje så dårleg i 1. omgang som stillinga viste. Vi misbrukte mange sjansar. Hadde vi lege under med 2-3 mål hadde det vore meir rettvist, sa Bergsøy-trenar Igor Dokmanovic til Sunnmørsposten til pause.

Seks kjappe

Han nekta for at det var pausepraten hans som gav ein heilt annan 2. omgang. I alle tilfelle var det eit totalt forvandla Bergsøy-lag som kom på bana etter pause. Energinivået og spelegleda vart heva mange, mange hakk. Først scora heimvende Kristine Håheim Vike to gonger. Så gjorde Abigail Buntu det same. Før det var spelt sju minutt av 2. omgang hadde også Beate Myklebust og Thea Tafjord scora. Brått stod det 12-14. Uteira-leiren verka meir eller mindre sjokkerte. Nesten kvart angrep bortelaget hadde enda i dårlege avslutningar eller gode redningar av Susanne Skar Sandvik. Laga følgde kvarandre utover i omgangen. Seks minutt før slutt hadde Bergsøy endeleg tatt igjen forspranget: 19-19.

Vike sikra poeng

Det vart ulideleg spennande på slutten. Beate Myklebust, som spelte ein fantastisk 2. omgang på venstresida til Bergsøy, sette inn 21-21 under minuttet før slutt. Så scora Utleira – og ein kunne ane eit heiderleg tap for heimelaget. Men det aller siste som skjedde var at Kristine Håheim Vike leikande lett kom seg gjennom Utleira-forsvaret og sikra eitt poeng for Bergsøy.

- Nei, no får eg nesten lyst til å grine. Dette var heilt sjukt. At vi låg under så mykje fekk senka skuldrene våre. Slik vi endeleg fekk flyten og klarte å slappe av i 2. omgang. Brått var det Uteleira-spelarane som såg kvite ut i fjesa, sa Vike til Sunnmørsposten etter kampen.

Takka for støtta

- Eg er heilt ærleg når eg seier at eg i pausen trudde vi kunne ta det igjen. Eg har alltid trua på mine lag, anten det er som trenar eller spelar. I dag viste vi karakter. Og det var utruleg kjekt å oppleve all støtta vi fekk her på heimebane, oppsummerte Igor Dokmanovic.