Jonas Kvalen satsar vidare som profesjonell volleyballspelar i nytt land

Ferie Jonas Kvalen har vore heime i Volda på ferie den siste tida.

I sommar signerte han nemleg for LUC Volleyball, eit av topplaga i den gode ligaen i Sveits. I fjor

prøvde Kvalen seg på nivå to i Italia

, der laget hans vann det nedre sluttspelet.

Den 1,96 meter høge voldingen har vore gjennom både opp- og nedturar i karrieren, men etter eit byte av posisjon på bana ser det ut som pila no peikar oppover.

Tidlegare var Jonas Kvalen oppleggar, men ein fingerskade gjorde at han måtte endre posisjon til diagonalspelar.

– Det er som å endre posisjon frå keeper til spiss i fotball, kan ein seie, smiler Kvalen.

Posisjonsbytet har fått ny fart på Kvalens karriere, som også har hatt sine definitive nedturar.

Angra på Polen-opphald

Som 20-åring i 2012 tok han eit val han angrar på i ettertid. I staden for å takke ja til eit scholarship-opplegg i USA reiste han til den gode polske toppserien, der han vart sitjande på benken.

– Eg skulle ha reist til USA. Valet med å reise til Polen på det tidspunktet angrar eg på. Det er ikkje det klokaste eg har gjort. Ein så tøff liga – og så lite speletid. Ja, eg angrar litt. Og eg er nysgjerrig på korleis det hadde enda om eg hadde reist til USA i staden. I ettertid har eg forstått at opplegget i USA ville vore meir rett for meg enn i Polen, vurderer Kvalen.

Han kom frå tre år på Toppvolley Norge (Sauda vidaregåande skule), etterfølgt av eitt år i Eliteserien med Førde.

Nye steg i Belgia

Før Jonas Kvalen reiste til Polen rakk han å oppfylle fleire av måla han hadde sett seg, som å debutere på det norske herrelandslaget. Men opphaldet i Polen vart altså ikkje like suksessfullt som ønskjeleg.

Det vart ein veldig god sesong med tredjeplass både i ligaen og i Europa-cupen. Det var også i Belgia Kvalen sin overgang frå oppleggar til diagonalspelar vart fullført.

Frå Italia til Sveits

Vidare spelte Jonas Kvalen éin sesong på det nest beste nivået i Italia. Men sjølv om dette ikkje var toppdivisjonen hadde Kvalen aldri spelt fast i ein så god liga tidlegare. Og denne sesongen tek Kvalen ytterlegare steg når han skal spele på eit av dei beste laga i den sveitsiske toppdivisjonen. Og nye mål har han sett seg: Å vinne alt. I tillegg skal laget ut i Europa-cup, der dei har ambisjonar om å nå langt.