Før årets sesong var Hødds målsetting opprykk tilbake til 1. divisjon på første forsøk. I realiteten vart den draumen knust kjapt. Hødd fekk ein for dårleg start på sesongen til at det kunne skje.

– Etter eit nedrykk dukkar det ofte opp ein del utfordringar som du treng litt tid for å løyse. Det er ikkje berre enkelt å rykke ned. Det er så mange forskjellige ting som skjer i organisasjonen og det er ikkje til å leggje skjul på at det var ein utfordrande vinter.

For vår del på sport trur eg lærdommen inn mot neste sesong i all hovudsak handlar om å få sett på plass ein tropp så tidleg som mogleg. Vi bør ha lengst mogleg tid å jobbe saman eit lag, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

– Bygd ein ny tropp

I det siste har han endeleg fått dreisen på årets Hødd-mannskap.

Seks strake kampar utan tap er fasiten. Det gjer Hødd til formlag nummer tre i 2. divisjon avdeling to.

– Vi har i alle fall ei pil som peikar i riktig retning, påpeiker Sindre Eid.

Han trur det vil bli lettare for Hødd-gjengen å forebu seg framfor 2018-sesongen.

– Vi har fått bygd ein ny tropp. No har vi eit ganske ungt lag som har fått spelt seg varme. Vi har starta på ein jobb der vi vidareutviklar klubben, seier Sindre Eid.

Har vore tolmodig

Han meiner Hødd som klubb fortener skryt for å ikkje ha forhasta seg i år.

– Vi har ikkje blitt stressa. Vi har hatt ei fornuftig tilnærming til dette. Eg trur klubben vil få igjen for å ha hatt tålmodigheit i år, seier Sindre Eid.

I lag med resten av klubben er han dessutan i gang med førebuingane til 2018-sesongen. Stallen skal «settast» tidlegare i år.

– Vi har ein del spelarar på utgåande kontraktar, men eg føler vi har god kontroll på det. Vi har begynt tidleg. Det viser

blant anna forlengingane med Ole Monrad (Alme) og Bendik (Rise), seier Sindre Eid.

Førebels er det Steffen Moltu, Preben Sætre, Didrik Sereba, Bendik Torset, Robin Shroot, Vegard Heltne og Sivert Pieroth som er på utgåande kontraktar.

Går for ti strake

Fire serierundar før slutt er det liten tvil om at Hødd ønskjer å halde oppe rekka på rad utan tap.

Første moglegheit er heime mot Vindbjart søndag.

– Vindbjart er eit interessant fotball-lag. Dei er eit ballbesittande lag, ganske likt slik vi hugsar Follo for nokre år sidan. Nå dei får spelet til å flyte, er dei eit svært godt fotball-lag, seier Sindre Eid.

– Så vi må vere klare som «pokker» til denne kampen. Vi må gå ut på Høddvoll og verkeleg klinke til.

Men her heime skal vi bestemme – og vinne, seier Sindre Eid.

Han meiner det er realistisk å fullføre sesongen utan fleire tap.

– Vi går for å avslutte sesongen på knallsterkt vis. Det er sjølvsagt realistisk å avslutte utan tap no, men samstundes veit vi at det står eit lag på andre halvdelen som har lyst å gjere livet surt for oss. Men vi skal halde oppe trykket og fullføre på ein god måte. Det er viktig for oss, seier Hødd-trenar Sindre Eid.