– Det er veldig gledeleg at Halldor siste torsdag skreiv under ein ny kontrakt med oss, heilt fantastisk. Han er ikkje minst oppteken av balansen mellom bredde og topp. Og han og familien har funne seg godt til rette i bygda, seier styreleiar Arild Bakke i Volda handball.

Volda sitt 2. divisjonslag er i flytsona nå og har åtte sigrar på like mange spelte seriekampar. Mykje av æra skal den sympatiske og dyktige trenaren frå Island ha.

– Eg har tru på klubben, folket rundt og spelarane. Målet vårt er sjølvsagt opprykk til 1. divisjon allereie etter denne sesongen, men det vert tøft. Det neste steget vil vere å etablere seg i 1. divisjon. Og kanskje ein dag ta steget opp i eliteserien, er Halldor Stefan Haraldsson drøym på vegner av Volda Handball.

27-åringen kom til Volda i fjor og både han, sambuar og sonen på fire år trivs godt i sunnmørsbygda. Haraldsson har vore handballtrenar i ti år. Han har trent eliteserielaget Fylkir i tre sesongar på sagaøya. Og var landslagstrenar for U18 og U20.

– Neste år skal eg begynne på den høgste internasjonale trenarutdanninga, seier islendingen som var aktiv spelar til han vart skadd som 21-åring.