– Vi har jobba steinhardt dei siste vekene og fått kartlagt kva som finnast i marknaden. Håpet er å signere eit par spelarar til før vi tek juleferie, seier Eid.

– Kva kan du seie om desse to spelarane?

– Det er spelarar som vil gå rett inn og forsterke oss, seier Hødd-trenaren.

Han legg til at han har veldig stor tru på at Hødd skal lykkast med å få desse to signeringane på plass. I så fall vil Hødd ha henta tre spelarar allereie i dette overgangsvindauget.

Samstundes har Robin Shroot og Didrik Sereba forlate klubben. Begge desse var på utgåande kontraktar.

– Kor mange spelarar ser du for deg at Hødd må hente i løpet av vinteren?

– Det får vi sjå litt på. To til før jul er målet vårt, så kan det vere at vi hentar nokre til. Det kjem også litt an på spelarlogistikken elles. Men vi håpar å ha på plass ein grunnstamme når vi startar opp igjen treningane 10. januar, seier Sindre Eid.

Han meiner uansett at Hødd ligg langt betre an i år enn det tilfellet var i fjor.

– Ja ja, det er ikkje tvil om. Vi har mykje betre kontroll enn i fjor, seier Sindre Eid.

Ny spelarutviklar: Forlèt Volda til fordel for Hødd

Vil hente Marius Hagen

Eid ønskjer ikkje å avsløre kven Hødd siktar seg inn på å hente før jul, men etter det Sunnmørsposten erfarer har klubben vore på jakt etter Marius Hagen den siste tida.

25-åringen skreiv under på ei eittårskontrakt med Elverum framfor årets sesong og fekk med seg 27 kampar for laget som rykte ned frå 1. divisjon.

Midtbanespelaren er frå Nordfjordeid og har tidlegare vore aktuell for Hødd.

I det siste har dessutan keeperane Jonas Mathiesen (Rollon) og Alexander Hovdevik (Ranheim, men opphavleg sunnmøring) vist seg fram i det siste.

Sindre Eid utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt å hente inn nok ein keeper sjølv om Jan-Lennart Urke (sjå eiga sak) vender tilbake til Hødd neste år.

– Vi skal spele både 2. divisjon og 3. divisjon neste år. Det kan vere at vi hentar ein keeper til sjølv om «Jalle» kjem tilbake, seier Eid.

Les flere saker om lokal fotball.