Nyland, som kun er 23 år gamal, var lagleiar og trenar for Hødd 2 i år, som gjorde det så godt at det vart opprykk til 3. divisjon. Og beløninga til trenaren vart altså opprykk også på han. No vert han høgra hand til hovudtrenar Sindre Eid. Men Nyland skal også halde fram med å ha overoppsynet med Hødd 2, og skal vere til stades på alle kampane både til Hødd A og toarlaget.

– Sander har gjort ein framifrå jobb i den relativt korte tida han har vore i Hødd, og er ein mann for framtida. Han vil også vere eit viktig bindeledd mellom fyrstelaget og andrelaget, noko vi ser på som særs viktig, seier sportssjef André Nevstad.

Fredag hadde Hødd julefrukost på klubbhuset, etterfølgd av ein seanse med legenda Kjetil Hasund. Som prata om si eiga eventyrlege karriere til mange som ikkje hugsar då Hasund herja på landets baner.

Opprykk er målet

Og målet er at Hødd snart skal herje i 2. divisjon, så mykje at det kan verte eit opprykk snart.

- Klart vi har veldig lyst på å få spele i 1. divisjon att så snart som mogleg. Vi har sjølvsagt som mål neste år å klatre ein del høgare enn den 6. plassen vi fekk i år, så får vi sjå om vi lukkast. Isolert sett vart ikkje 2017 eit stort år for oss, men det skjedde mykje bra likevel. Ikkje minst viste innsatsen til Hødd 2 at vi er i ferd med å få opp ein ny generasjon med spelarar som kan lyfte klubben opp mot gamle høgder, meiner Nevstad.

Kabalen er lagt

Hødd har no fått lagt heile kabalen for 2018 når det gjeld det sportslege apparatet. Sindre Eid held altså fram som hovudtrenar med Sander Nyland som assistent. Frode Gjerde vert keepertyrenar aleine, Ronny Osnes er ute. Rafael R. Bermudez held fram som fysisk trenar.

Jesper Törnqvist blir spelande assistenttrenar for Hødd 2 under Sander Nyland. Törnqvist får full stilling i Hødd, hovudjobben hans vert som utviklingsansvarleg på jentesida samt jobben i Høddskulen.

– Vi trur at den framgangen vi såg med A-laget vårt i haust held fram i 2018. Vi har nær optimale treningstilhøve, vi har mange gode spelarar, og vi er svoltne på suksess. Så får vi sjå kor gode vi blir, avsluttar André Nevstad.