Det førre oppgjeret mellom dei to laga vart ein jamn kamp, men Hønefoss hadde ikkje noko å stille opp med i Voldahallen søndag.

Voldatrenar Halldor Stefan Haraldsson gav ros til alle ledd i laget.

– Vi tok leiinga frå start til slutt, og alle spelarane gjorde ein kjempejobb. Vi hadde periodar i kampen der ikkje alt gjekk på skinner, men når vi vinn med tjue mål mot det laget som ligg som nummer tre på tabellen, så er vi veldig nøgde. Vi hadde eit godt og solid forsvarsspel, fantastiske målvakter, mål frå alle posisjonar, kort sagt ein fantastisk lagsiger.

Fakta

Volda–Hønefoss: 37–17 (18–6)

ARENA: Voldahallen.

TILSKODARAR: ca. 200.

VOLDA: Thea Sturladottir 7, Maria Ulla 6, Marte Nordnes 6, Anette Berg 4, Hanna Ræstad 2, Pernille Ingebrigtsen 2, Elin Ulvestad Sætre 4, Ana Correia 4, Lone Vik 2.

Bakspelarane Thea Sturladottir, Marte Nordnes og Patrica Correia gjorde alle ein fantastisk kamp, med 17 av Volda sine 37 mål. Men mot Hønefoss sat også kontringane og vingspelet.

Både Anette Berg (4 mål) og Maria Ulla (6 mål) gjorde få feil og var konstante trugslar mot Hønefoss-forsvaret. Ulla, opphavleg frå Godøy, koste seg stort undervegs i kampen.

– Det er veldig kjekt å spele kamp når vi som spelar på vingen blir brukt mykje i spelet, både i etablert angrep og spesielt på kontringar. Vi trenar på kontringar heile tida, og då er det kjekt få å vist dette fram i kamp også. Det gjev bakspelarane litt pusterom til å halde trykket oppe utover kampen, så det er viktig for oss som lag å få kontringsspelet til å sitte.

Ei utfordring å halde fokus

Når ein leiar med 12 mål til pause, vert ofte utfordringa å halde fokus.

Ein ikkje altfor god start på andre omgang gjorde at Volda-trenar Haraldsson tok timeout for å sette fokuset på rett plass.

– Vi gav Hønefoss litt for enkle mål. Det er slikt som skjer når ein leiar komfortabelt og slepp seg litt nedpå. Men etter timeouten var vi tilbake på sporet og såg oss ikkje tilbake, seier Volda-spelar Maria Ulla.