(Vikebladet Vestposten) Denne veka vart han og Isak Gabriel Skotheim Hødd sine nyaste medlemmer i a-troppen. Dermed har tre lokale unggutar blitt henta opp frå rekruttlaget så langt i år, etter at Johannes Sundgot blei inkludert i a-troppen i januar.

– Vi har mange lovande og spanande spelarar i rekruttstallen. Noko vi snakkar mykje om er dei fire p-ane. Prestasjonar, potensial, posisjon og «passion» eller lidenskap. Alle er gode på nokre av desse punkta, fortel sportssjef André Nevstad i Hødd.

Annleis type

– Peter er ein litt anna type enn det vi har i troppen. Også litt annleis enn dei fleste i rekrutt-troppen. Han er høg og fysisk sterk, kan spele indreløpar som han har gjort på a-laget, men kan bli ein målfarleg spiss på sikt. Vi veit at han har ei nase for mål, og det har han vist også som indreløpar, seier Nevstad.

Hødd sin sportssjef legg til at Hasund har vist god utvikling og har hatt ein bra haust og vinter, noko som no har ført til at ungguten vart signert på a-kontrakt fram til 2019.

Tek nivået

Isak Skotheim har signert fram til 2020. Skotheim er fødd i 2001 og blir dermed den klart yngste i a-troppen til Hødd.

– Han er ung, men har veldig stort potensial. Vi såg då han trente mykje med a-laget i fjor at han heldt godt nivå på trening. Han tek nivået veldig bra, sjølv om han ikkje er så stor og sterk, så er han ein midtbanespelar som har evna til å alltid ha god tid, seier Nevstad.

Sportssjefen legg til at Skotheim har godt overblikk, er kvikk i bevegelsane og flink til å skape ubalanse hos motstandarane.

– Nokre spelarar har evna til å ta nivået ganske fort. Dei kan spele på same måten uansett om dei spelar på eit nivå eller blir flytta opp eit nivå. Isak har noko veldig spesielt og er veldig spanande. Han har kvalitetar som vi trur vil vise godt igjen allereie i år, fortel Nevstad.

Samstundes legg Nevstad til at Hødd ikkje kan ha for store forventningar for raskt.

– Vi må vere litt forsiktige med han. Han er ung og vi ønskjer at han skal få ein bra progresjon, men desse to er der at vi meiner dei er nære å kunne spele kampar for a-laget.

Skotheim fekk også debuten i heimekampen mot Hønefoss hausten 2017. Hasund har ni a-kampar, men ventar framleis på å få prøve seg i serie eller cup. Med fersk a-kontrakt tyder mykje på at han får den sjansen i år.

– I utgangspunktet så er alle i a-stallen kapable til å spele kampar for a-laget. Det seier seg sjølv. Vi meiner absolutt at begge desse to har kvalitetar som dei kan tilføre a-stallen. Det er også grunnen til at dei blir tatt opp. Dei skal sjølvsagt få tid til å ta ting steg for steg, men eg trur også dei har såpass tru på seg sjølv at dei ikkje vil vere fornøgde med å kome inn i a-stallen. Det skal ikkje stoppe der, det er der det startar, seier Nevstad.

Best som spiss

Peter Hasund blir 19 år til sommaren. No har han nådd eit av sine langsiktige mål.

– Det var utruleg kjekt. Det har vore ein draum og eit mål heilt sidan eg starta å spele fotball då eg var seks år, fortel Hasund til Vikebladet Vestposten.

Dermed startar jobben for å nå nye mål, først og fremst å spele seg inn på laget til Hødd i anna enn treningskampar.

Som Nevstad er inne på har Peter Hasund blitt brukt ein del på midten, men det er ikkje der han helst vil spele.

– Eg har blitt brukt mykje på midten, men uansett om eg har vore anker eller indreløpar så har eg alltid tatt ein del løp inn i boksen.

Det har det ofte blitt ein del mål av, og ungguten har ei offensiv rolle i tankane.

– Det er spiss eg helst vil vere. Det er der eg trur eg har størst potensial og sjølv trur eg kan bli best, fortel han.

Ekstra motivasjon

Og med både ein far og ein farfar som begge visste godt kvar målet stod, har Peter ein del å slekte på.

– Eg er utruleg stolt over det både pappa og farfar gjorde som fotballspelarar for Hødd. Det gir ein ekstra motivasjon at dei har gjort det så bra, og eg har lyst å gjere det endå betre. Det kan bli vanskeleg, men eg skal prøve.

For medan både Kjetil og Geir Hasund er viktige namn i Hødd-historia, er det Peter det handlar om no og håpet er å jobbe seg til ein plass i startellevaren.

– Det kjem an på korleis eg presterer på trening og kva eg gjer utav dei sjansane eg får. Dersom eg tek sjansane mine så håpar eg sjølvsagt å spele kvar kamp. Det er det eg har lyst til, men då må det jobbast hardt, slår ungguten fast.

Han har allereie trent ein heil del saman med a-laget og ser svært positivt på at det no blir hans faste treningsarena.

– Det er ein forskjell både på fysikk, intensitet og nivå. Eg håpar eg kan nyte godt av det og at det kan gjere at eg hevar meg. På a-trening må eg tenke raskare, handtere ballen betre og vere smartare. Det er slikt ein utviklar seg på og som eg har utvikla meg på allereie, men som eg håpar vil utvikle seg meir no når eg trenar med a-laget kvar dag.

Saka blei først publisert i Vikebladet.