Kristian Fet frå Hundeidvik IL si bogeskyttargruppe slo til med eit imponerande NM-gull under noregsmeisterskapen i Vigrahallen sundag.

19-åringen slo Joakim Klingsheim, Klepp, med suverene 7–3 i gullfinalen for klasse junior menn med såkalla recurve-boge.

Då Sunnmørsposten spurde om unge Fet ville akue satsinga og eventuelt takke ja til ein plass på juniorlandslaget, ville ikkje den ferske noregsmeisteren seie eit klart ja.

– Eg får vurdere viss det kjem ein førespurnad, men eg synest det viktigast er å ha det gøy, seier Kristian Fet.

Saman med Simen Alvestad og Kristian Krohn sørga unge Fet for ein kjempesensasjon for to år sidan då dei like godt vann NM for lag. Og blant anna slo OL-deltakar Bård Nesteng sitt lag.

– Kva er størst; NM-gullet for lag i 2016 eller gullet her i dag?

– Eg vil seie dei heng like høgt, seier 19-åringen frå Sykkylven. Han var fotballspelar som veldig ung, men vart lei av det og byrja med bogeskyting då han var 15 år.

Spanande idrett

– Bogeskyting var ein idrett som ikkje så mange dreive på med, difor var det spanande å prøve. Det har eg ikkje angra på, sa den sindige gullvinnaren i Vigrahallen då NM-gullet var sikra søndag ettermiddag.

Det vart fleire medaljar til Sunnmøre under eit meisterskap som av president Steinar Risengård vart karakterisert som «tidenes beste NM».

(saka held fram under)

Laggull til Vigra

Arrangørklubben Vigra IL bueskyttere tok gull i lag rekrutt med recurve-bue.

Gullaget bestod av Ida Blindheimsvik (som også tok sølv individuelt), Maksim Makassiouk og Sigurd Roald. Så vart det sølv til Magnus I. Lagabø Roald (16) i klassen for recurve kadett, medan Isak Husavåg Synes vann den interne bronseduellen med klubbkollega Fredrik Emblem Eiken i same klasse.

Johanne R. Flo frå Vigra kom også heim med bronse.

– Eg har to gull, eit sølv og to laggull frå før i NM. Så no har eg også ei bronsemedalje. Og eg er godt fornøgd, sa Johanne Flo som er frå Ålesund, men som alltid har konkurrert for Vigra.

Vigra-gull også til Lydia Kouzguinova. Også Vestnes og Harøy stilte med utøvarar under eit særs vellukka meisterskap.