Sjølv om dei har ein verdsmeister i sine rekkjer gjennom Karsten Warholm, påpeiker alle at Dimna IL fyrst og fremst er ein breiddeklubb.

Det frontar Warholm sjølv også.

– Eg har alltid meint at Dimna skal vere ein klubb der det er plass for alle som vil vere med. Vi skal ikkje plukke verdsmeistrar, men sjølvsagt legge til rette for dei som også ynsker å verte gode. Hovudfokus skal likevel vere at alle skal trivast, seier 21-årige Warholm.

Som sette Dimna IL på det internasjonale friidrettskartet for alvor i fjor.

«Ulsteinvik løper fra resten av verden. En av de største prestasjoner i norsk idrett».

Ropte ein engasjert NRK-reporter Jann Post ut då Karsten 9. august 2017 vart verdsmeister på 400 meter hekk i regnvêret på London Stadium.

Karsten vart Dimna-medlem i 7-8-årsalderen, meiner han sjølv å hugse. Han ser at klubbein har vakse enormt. At ein god del av veksten skuldast hans eigen suksess er ungguten forsiktig med å trekkje fram.

Det er også Trond Berg, leiar i Dimna, og den aldri kvilande eldsjela og trenaren Arve Hatløy, varsam med å fokusere på.

– Vi er takksame for alt familien Warholm har bidrege med, og vi har gått vegen saman med dei. Men ovanfor oss har våre sponsorar gjort det klart at dei gjev støtte til heile klubben. Karsten har no fått sine egne sponsorar og vi er glade for at det også dryp på oss. For i Dimna har vi som mål å gjere kvarandre gode, seier Trond Berg.

Kjempearbeid

– Trond må aldri gje seg i klubben, han gjer eit kjempearbeid, skryt Karsten Warholm. Som sjølvsagt også gjev verbal ros til sin trenar Arve Hatløy som fekk han fram til å verte ei verdsstjerne på ungdoms- og juniornivå. – Arve har vore ein frontfigur, men i Dimna er det ikkje nokon «one man show», her skal alle ha gode rammer og trivast. Eg er framleis oppteken av at det å ha det gøy med friidretten er det aller viktigaste, påpeiker Karsten Warholm.

Arve Hatløy fekk Karsten opp og fram i toppen.

No har Karsten flytta til hovudstaden der han har inngått eit suksessfullt samarbeid med den dyktige og velstrukturerte Leif Olav Alnes. Duoen har sørga for at Noreg har fått ei verdsstjerne som kan kome til å skine i mange år framover.

– Karsten er eit unikum. Sa Dimna-veteran Olav Hansen til oss under Dimna Games i januar. Då hadde Karsten akkurat sett ein av sine mange rekordar, med 45,88 på 400 meter flatt. Den rekorden flytta han til 45,59 ei veke seinare i NM. Utomhus har unge Warholm 44,87 frå Florø i fjor, medan han forbetra hekkerekorden ved fleire høve og enda opp på 48,22 under Diamond League-finalen i Zürich.

31. mai spring Warholm sin fyrste Diamond League-konkurranse dette året – i Roma. Veka etter ventar eit av høgdepunkta; Bislett Games.

Inspirasjonskjelde

– Mange av våre medlemmar har sett Karsten i aksjon under Bislett Games dei to siste åra. Han er ei inspirasjonskjelde for alle våre aktive, seier Arve Hatløy.

Han har, saman med Olav Hansen, vore på den eventyrlege reisa til klubben i grønt, heilt frå oppstarten i 1974.

– Arve var med å sprang som 11-åring under Høddløpet allereie i 1975. Utviklinga har vore vanvitig moro å fylgje, seier Hansen. 74-åringen sat i det fyrste styret i Dimna IL. Og er framleis aktivt med.

Klubben var lenge liten. No er den ein maktfaktor i norsk friidrett.

Dimna IL har også påtatt seg store arrangement, som til dømes ungdomsmeisterskapen innandørs i 2015, rett etter at Ulsteinhallen vart opna. Same hall var i 2017 arena for noregsmeisterskapen for senior. Dei har også arrangert Dimna Games to år på rad, samt fleire krinsmeisterskap. Og no har Dimna IL vorte tildelt ungdomsmeisterskapen innomhus for 2019.

Veit kva dei går til

– No veit vi kan vi går til. I 2015 var 650 deltakarar med i UM her i Ulsteinhallen. Saman med foreldre, trenarar og leiarar hadde vi rundt 1200 tilreisande. Det er overnattingskapasiteten som er den største utfordringa under eit slikt meisterskap, seier Berg. Og kan legge til at Quality Ulstein Hotell er fullbooka, allereie før det er endeleg bestemt kva for dato som ungdoms-NM vert lagt til!

– Det blir fyrste eller andre helga i mars 2019, seier leiar Berg vidare.

Han er veldig fornøgd med samarbeidet med kommune, fylkeskommune og naboklubb Hødd. – Då vi nytta anlegget utandørs på Høddvoll følte vi oss litt i vegen, vi var veslebror. No som vi har jobba saman med fleire partar ser vi kor godt resultatet har vorte for alle. Kommunen har verkeleg lagt til rette med fantastiske anlegg. Og hugs at vi ikkje betaler leie på treningskveldane. Vi har fått mykje tid i Ulsteinhallen og er takksemde for det, seier Dimna-leiar Berg.

Han sit sjølv i kommunestyret i Ulstein, og meiner dei som bestemmer har gjort rett ved å satse på topp anlegg. Som kjem ungdomen til nytte. Sjølv om det har tæra hardt på kommuneøkonomien.

– Det kjem stadig nye medlemmar til frå andre klubbar; har de gått ut for å hente desse til Dimna IL?

– Nei, langt derifrå. Vi ser helst at naboklubbane beheld sine beste utøvarar og vil samarbeide med dei, påpeiker Berg. Samstundes nektar ikkje klubben dei som vil satse å ikle seg Dimna-drakta.

Teken imot med opne armar

Som til dømes Toralv Opsal og Alice Ulla Berg, to junioress som kom frå Ålesund Friidrettsklubb. I januar kom eit anna allsidig talent over i grønt; Caroline Amalie Sætre frå Fiskå IL. Ho går fyrsteåret på Ulstein vidaregåande skule og valde å melde seg inn i Dimna IL.

– Eg vart teken imot med opne armar, dei har vore veldig inkluderande. Her har eg optimale treningstilhøve, kunne 16-åringen frå Fiska fortelje Sunnmørsposten då vi var innom treninga i Ulsteinhallen tysdag kveld. Det krydde av aktivitet, noko også det store bilete syner. 110 utøvarar, trenarar og leiarar var til stades i hallen der det kokte av liv.

Sætre har saman med ei rekkje andre Dimna-utøvarar ein lang sesong føre seg i år, der ungdoms-NM og junior-NM er hennar store mål.

Ein sunn økonomi gjer at klubben gjer solid støtte under stemne til dei som reiser både innanlands og utanfor Noreg.

– Eg vil seie at vi er ganske så rause. Dei aktive må som regel betale eigendel på 900–1000 kroner for eit tredagersstemne. Men resten betaler klubben; påmeldingsavgift, overnatting, mat og reiseutgifter. Kan Trond Berg avsløre.

Truleg dagleg leiar på plass i år

– Skal de ikkje snart tilsetje ein dagleg leiar?

– Vi har ei omsetning på rundt to millionar kroner. Sandnes, som er den største klubben i friidretts-Norge, har ein tilsett i 100 prosent stilling. For å ha ei slik stilling måtte dei doble omsetninga si, seier Berg. Og syner til at dei skal planlegge dette godt. Men at det kan komme ein fast tilsett allereie i år, synest sannsynleg.

– Alt er altså fryd og gammen i Dimna IL, Arve Hatløy?

– Vi har framleis mykje å lære, ikkje minst sidan vi no også har vorte ein seniorklubb. Vi har vakse hurtig, frå ein liten til ein stor klubb. I talet på aktive er det nok berre Sandnes, Tyrving og Fana som er større enn oss. Dimna kjem i sjiktet bak desse tre saman med nokre andre klubbar, seier Hatløy. Han har saman med Olav Hansen lengst fartstid i klubben. Og legg ned meir enn eit årsverk i dugnadsarbeid. – Det vert veldig mange reisedøgn, rundt 150 i året, seier Hatløy.

At Dimna er hjå dei store klubbane vart også bevist under ei samling for norske toppklubbar nyleg.

Inntaksstopp

– Forbundet inviterte oss som ein av ti klubbar som har produsert framtida sine utøvarar til elitelandslag. Vi har våre utfordringar, ikkje minst det å ha nok trenarar til å ta seg av den aukande interessa, fortel leiar Trond Berg.

For tida har Dimna måtte gå til det skrittet å sette inntaksstopp for nye aktive. Når dei får eit større apparat av trenarar, så har dei håp om å ta imot fleire.

For verdsmeister Warholm til trass; breiddeutøvarane er dei viktigaste!