(Vikebladet Vestposten) Torsdag arrangerer IL Hødd Fotball den årlege ”Leverandørkonferansen” på Sjøborg. Denne byrjar vanlegvis med ei kort innleiing og ein presentasjon av den komande fotballsesongen, men i år vart konferansen opna med ei svært positiv nyheit for Hødd.

I følgje med spelarar frå både topp og breidde i Hødd kom Oddmund Davik Otterlei og André Nevstad saman med banksjef Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre.

Dei kunne då sleppe nyheita om at Sparebanken Møre forlenger sitt samarbeid med Hødd og at partane er einige om ein ny generalsponsoravtale for tre nye år.

Midlane vert godt utnytta

– Vi i banken er og skal vere ein aktiv og engasjert bank, som skal bidra til dei lokalsamfunna vi er i. Halvparten av overskotet i banken deler vi ut att til tiltak som gjer det kjekt å bu i dei områda vi har aktivitet i. Vi veit også gjennom mange års samarbeid med Hødd, at dei pengane vert godt utnytta og vi synest det er svært å sjå a-laget når dei er ute og spelar, men også alle ungane i Hødd. Eg trur nok mange her i salen har nokre eksemplar av treningskle med Sparebanken Møre-logo på. For oss gir det meining. Vi gir sjølvsagt også for å få noko igjen, og det eine kravet vi stiller til Hødd og til alle andre er at det skal vere positiv eksponering for oss. Det er det for oss når vi blir assosiert med Hødd, fortel Ellen Kvalsund.

Viktig for Hødd

Sparebanken Møre har vore generalsponsor for Hødd i ei årrekkje og har også namnet sitt på familietribunen på nye Høddvoll. For Hødd er det svært viktig med denne typen støttespelarar, noko Davik Otterlei og Nevstad ikkje legg skjul på.

– Det betyr føreseielegheit og det er ekstremt viktig for oss slik at vi kan drive all den aktiviteten vi har, frå dei yngste og heilt opp til det øvste nivået. Aktiviteten på Høddvoll er stor og kvar einaste dag er det gutar og jenter, unge og gamle, som er i sving, spelar fotball og har det kjekt. Då er det viktig for oss å ha ein generalsponsor som vi no har hatt i ganske mange år. Eg trur vi har spelt med Sparebanken Møre på magen sidan 2003 og dei har vore den største og viktigaste sponsoren vår i mange år. Det seier seg sjølv at det å fornye denne avtalen no er noko som vi er svært glade for, fortel André Nevstad.

Sikrar topp og breidde

Oddmund Davik Otterlei legg til at denne avtalen gir Hødd sjansen til å satse både på topp og breidde.

– Vi ønskjer å vere ein toppklubb, men også ein stor breiddeklubb og vi ønskjer å ha eit godt tilbod til dei som har lyst til å legge mykje i fotballen, og til dei som er med på fotball fordi det er sosialt. Sparebanken Møre er ein utruleg viktig bidragsytar til at vi får til dette. Det er eit veldig viktig bidrag og vi set utruleg stor pris på dette, seier Hødd sin daglege leiar.