Trenar for felleslaget vert Marina Bazzeo, som nyleg er tilsett som ny hovudtrenar i Hødd handball. Ein ynskjer primært å få til ein fylkesserie med andre J18-lag i Møre og Romsdal, noko som det er stor interesse for hos fleire andre klubbar.

Målet med den nye satsinga er å samle talentfulle, ambisiøse og treningsviljuge ungjenter i dei involverte klubbane. Spelarane på dette felles-laget kan også spele kampar i eigen klubb.

Laget skal heite Bergsøy/Hareid/Hødd, og heimebana vil rullere mellom klubbane.

Gruppa vil truleg bestå av rundt 20 spelarar, og ein tar sikte på to fellesøkter pr. veke. I tillegg til trening i eigen klubb.