Kva skal vi leve av når oljen tek slutt? Godt betalte ekspertar har stått i kø for å svare på spørsmålet, og har stort sett kome til det same. Framtida til Norge ligg i fisk og «innovasjon».

Sistnemnde er diffust og usikkert, og prega av ønsketenking. Fisk derimot er konkret. Og fisk er vi gode på her på Nordvestlandet, først og fremst kvitfisk. Her går det så det susar for tida, godt hjelpt av gunstig kronekurs. Verdiveksten, og dei rekordhøge lottane, kjem ikkje fordi vi fiskar meir. Dei norske totalfangstane er forholdsvis stabile, og i beste fall vil dei vere det i framtida også. Kunsten er då å få meir pengar ut av kvar kilo fisk. Her har det skjedd store framsteg dei siste åra. Men som med talet på tonn fisk som kan hentast ut av havet, er det eit tak for veksten også her.

Laks

Så er det laksen. Økonomisk sett er dette ei suksesshistorie. Produksjonen har dobla seg kvart tiår. For ein økonom er det fort gjort å sjå seg blind på at dette kan halde fram. Men så er det miljøsida, då.

I år kjem veksten til å bremse. Årsaka er først og fremst at oppdrettarane ikkje klarer å stette krava til å halde talet på lakselus nede på det nivået som Mattilsynet krev. Bak dette ligg mellom anna ein feilslått strategi for kjemisk nedkjemping av lus. Over store delar av kysten har lusa blitt meir og meir motstandsdyktig mot dei mest brukte lusemiddela, noko som ikkje kan kallast anna enn ei naturleg utvikling. Oppdrettarane har blitt pressa opp i eit hjørne og står no tilbake med metodar som er til dels brutale mot laksen.

Kappløp

Kampen mot lakselusa er no eit av dei felta der det vert satsa mest pengar innan utvikling og forsking her i landet. Ikkje så rart sidan lakselusa kosta norsk oppdrettsnæring tre milliardar kroner i fjor, ifølge Nofima. Lenge sette oppdrettarane sin lit til eit nytt vedundermiddel, og då er det først og fremst ein vaksine som er draumen. Men tida er i ferd med å renne ut for å løyse luseproblemet med ein mirakelkur.

Teknologi

Dermed er fokus flytta over på teknologiske og mekaniske løysingar. Det mest spennande er utviklinga av ny merdteknologi. Frå villaks- og miljøhald har det lenge vore krav om at laksen må gå i lukka anlegg. Svaret frå oppdrettsnæringa har vore at lukka anlegg er dyrt og ulønsamd, ikkje minst dersom anlegga skal vere på land. Også frå politisk hald har det vore skepsis. Det har vore peika på at lakseoppdrett lett kan bli flagga ut dersom det vert landbasert.

Men no skjer det mykje spennande innan lukka merdteknologi i sjøen. Det største lakseselskapet av alle, Marine Harvest, viser at dei er klare til å satse. Denne veka vart det kjent at Marine Harvest har søkt om 14 konsesjonar for utvikling av ny teknologi. Selskapet vil teste ut konstruksjonen «Egget». Utsjånaden minner om Volda-kunstnaren Astri Eidseth Rygh sitt OL-egg, som var sentralt under opninga av vinterleikane på Lillehammer i 1994. Berre at lakseegget er 44 meter høgt, og 33 meter breitt. Det er laga av compositt, og ligg i sjøen som eit isfjell- der ni tidelar er under vatn. Det nye laksefengselet skal vere rømmingssikkert, lusa vert stengt ute, og laksebæsjen er lett å fange opp. Kvart egg skal romme 1.000 tonn laks. Marine Harvest er villig til å satse 600 millionar kroner på å finne ut om denne lukka merdteknologien er framtida. «Målsetninga med dette prosjektet er å forsterke den konkurransefordelen norsk akvakultur alt har gjennom tilgang på skjerma kystnære område. Egget representerer ei heilt ny retning, og er eit sprang i utviklinga av lukka system», uttalte konsernsjef Alf-Helge Aarskog i Marine Harvest i ei pressemelding.

Stål og fisk

Dersom vi får ein etterlengta teknologisk utstyrsrevolusjon i laksebransjen er det interessant av fleire grunnar enn miljøperspektivet. Dette representere spennande moglegheiter for vårt lokale næringsliv, som er i verdstoppen når det gjeld utvikling av avanserte system for fiskebehandling.

Her kan kunnskapen frå kvitfisk overførast til raud fisk. Eit døme er Optimar, som saman med Fjordlaks snart har klar ei «fabrikklinje» for å skylje vekk lus med hjelp frå oppvarma vatn. Og i mange andre bedrifter vert det jobba på spreng for å finne nye patentar som skal ta knekken på lusa utan bruk av kjemi. Lukkast den etterlengta teknologiske revolusjonen trengst det mykje utstyr, med store volum. I framtida vert det langt mellom sjøsetjinga av offshorebåtar. I staden kan kanskje sjøsetjing av oppdrettsanlegg bli dei nye folkefestane i Ulsteinvik og Brattvåg? Stål, fisk og compositt. Det er slikt vi har greie på, her på Sunnmøre.