Vi har følgd med diskusjonane i lokalpressa i det siste, og ynskjer å bidra med nokre oppklaringar. Dei siste åra har det blitt rydda opp i gamal forureining i fleire hamneområde i landet. No står Ålesund hamn for tur. Målet er ei reinare og tryggare hamn til glede og nytte for alle.

Aspevågen er i dag eit av dei mest forureina hamneområda i landet. I 2018–19 skal det gjennomførast eit omfattande prosjekt for å rydde opp i forureininga. I dei grunne områda skal miljøgiftene fjernast frå sjøbotnen ved mudring. På større djup skal sjøbotnen dekkast til slik at miljøgiftene ikkje kan skade dyr og menneske.

Massane som blir tatt opp frå sjøbotnen skal plasserast ved sjøkanten. Dei vil bli plassert trygt innanfor sikre barrierar slik at miljøgifter ikkje lekk ut. Miljømyndigheitene har god erfaring med opprydding og sikring av massar frå sjøbotn. Tilsvarande prosjekt i andre hamner har gitt gode resultat. Det gjeld til dømes hamnene ved Trondheim, Tromsø og Harstad.

Slik forureininga ligg i dag er det stor fare for at ho blir spreidd vidare og går inn i næringskjeda. Når massane blir samla opp og sikra som planlagt vil dei bli utilgjengelege for dyr og menneske.

Prisen for opprydding i Aspevågen vil kunne bli frå 70 til 180 millionar. Gevinsten vil vere ein reinare og tryggare fjord. I midten av mai skal det vere eit dialogmøte. Der skal representantar frå kommunen, miljømyndigheitene og sjømatnæringa treffast og diskutere kva utfordringar og moglegheiter hamneprosjektet vil gje. Målet er at vi skal få ei Ålesund hamn som alle kan ha nytte og glede av. Hamneaktivitetar skal kunne gå i lag med friluftsaktivitetar som bading og båtliv, og fisken skal vere trygg å ete. Oppryddinga bør difor også kunne tene til å styrke omdømet til den lokale sjømatnæringa.