I denne siste meldinga til Stortinget -  Meld. St.39 (2016- 2017) -  presenterer regjeringa sitt syn på kordan framtidas lovverk bør vere i forhold til problemstillingar som er store, komplekse og etisk vanskelege.

I innleiinga av denne meldinga står det å lese; « Bioteknologien regulerer humanmedisinsk bruk av bioteknologi, bl.a. fagområda assistert befruktning, genetisk undersøking av befrukta egg før innsetting i livmoren (PGD), forsking på overtalige befrukta egg, kloning, fosterdiagnostikk, genetiske undersøkingar og genterapi.»

Om dei etiske problemstillingane står; «Grunnleggande etiske problemstillingar som ofte går igjen i bioteknologidebatten er spørsmål om den enkeltes autonomi, informasjon, samtykke, retten til å vite, retten til ikkje vite og embryo/foster og framtidige generasjoners status. Debatten berører også grunnleggende spørsmål om tilknytning mellom foreldre og barn.»

Så til forventingane til denne Stortingsmeldinga;

På leiarplass i Aftenposten den 30.juni etterlysast politisk mot hos regjeringa. Det vert vist til at meldinga kom etter månadar med skarpe og viktige debatter rundt temaa eggdonasjon, assistert befruktning til einslege og blodprøven NIPT. Det hevdast at resultatet av debatten som er presentert i meldinga er skuffande, og det vert påpeika at det mest slåande med meldinga er at den ikkje tar stilling til vårens to store debatter om eggdonasjon og assistert befruktning for einslege.

Eg har i særleg grad engasjert meg i temaet assistert befruktning og særleg i diskusjonen om eggdonasjon. Eg ser utfallet av dette spørsmålet som særleg avgjerande for å snu ei utvikling der barn sine interesser og behov igjen kan komme i sentrum innan bioteknologidebatten.

Eg er samd med Aftenposten i at denne meldinga er skuffande, men då med eit heilt anna utgangspunkt enn det dei tar.

Eg er glad for at regjeringa held spørsmålet om eggdonasjon opent og oppfattar dette som ein invitasjon til å ta ein breiare og grundigare etisk debatt før det vert tatt ei avgjerd. Meldinga er meint å danne grunnlag for denne debatten.

MEN som debattgrunnlag så meiner eg at meldinga har alvorlege manglar. Ei stor svakheit er at det som i meldinga er framheva som eit grunnleggande spørsmål, tilknyting mellom foreldre og barn, vert lite belyst og lite problematisert.

I eggdonasjonsdebatten har det til stadigheit blitt hevda at det sosiale foreldreskapet er viktigare enn det genetiske bandet mellom barnet og foreldra. OG at det fins forskingsbasert kunnskap som støtter dette synet. Dette er faktisk feil. Ein kan meine at det viktigaste er å vere ønska og elska og at det sosiale foreldreskapet veg tyngst, men dette synet er det i dag ikkje forskingsmessig dekking for å hevde. Og det vert ikkje meir sant fordi det stadig vert gjentatt i debatten.

Rett nok står følgande side 17 i Meldinga; « Studier av hvordan det går med barn som har blitt til gjennom eggdonasjon, er relativt få. Utvalgene i studiene er for små til å trekke sikre konklusjoner.» Det er alt som blir opplyst om dette grunnleggande spørsmålet før det vert vist til viktigheita av at barnet får informasjon om måten det er kome til på.

Studien det gjerne vert referert til, er Susan Golombok sin studie av donorbarn i England. Eit nyleg eksempel på dette er debattinnlegget til infertilitetslegane Hanevik og Oldereid i Aftenposten 22.juni under overskrifta «Gode infertile foreldre». Min kommentar til deira debattinnlegg er at dei sjølve bør lese seg opp på temaet, slik som dei oppfordrar andre om å gjere i debattinnlegget.

I programmet «På Bortebane» som tidlegare er vist på NRK, svara Golombok på spørsmål frå Torbjørn Røe Isaksen at det trengs meir forsking før ein kan trekke nokon endeleg konklusjon om korleis det går med donorbarna. (Programmet ligg på nrk.no.)

Etter mitt syn så er fleire viktige tema og spørsmål utelatt  i Stortingsmeldinga. Følgande tema/problemstillingar burde ha vore belyst og problematisert;

  • Donorbarna sin alder (i Golombok sin studie er dei no ca. 15 år gamle). Dei donorbarna som det er forska på, er endå berre i starten av identitetsprosessen, og vi kan ikkje seie noko sikkert om deira vidare psykososiale utvikling

  • Adopsjonsstudiar har vist at interessa for genetisk slektskap og behovet for å forstå seg sjølv inn i ein større slektsamanheng, melder seg i seinare alder, ofte i samband med at dei sjølve  blir foreldre

  • Spørsmålet om viktigheita av genetisk slektskap må sjåast i eit livsløpsperspektiv (mennesket er barn berre ein liten del av livet)

  • Lojalitetsproblematikken mellom barnet og foreldra må takst høgde for ved tolking av framtidige forskingsresultat (viser her til studiar av skilsmissebarn)

  • Sjølv om eggdonasjon vil gjelde for eit avgrensa tal av familiar, så burde også debatten bli utvida til å spørsmålet om kva som utgjer kontinuiteten mellom generasjonar i ein kultur. I den lesverdige boka «Vi lager barn» stiller Eivor Andersen Oftestad spørsmålet; « Er slekten  en viktig kontinuitet i historien om et menneskeliv, eller er den underordnet?» Ho viser til at dersom vi som samfunn tillèt eggdonasjon og surrogati, så vil samfunnet gjennom det signalisere at det genetiske bandet mellom barn og foreldre og slektskap ikkje er så viktig.