Den nye infrastrukturen har gitt innbyggjarane på Bjørke ei fantastisk moglegheit for framtidig utvikling av bygda. Vi ser at Hornindal har hatt vekst etter vegopninga og det vil vi vere ein del av. Småbarnsforeldra på Bjørke sende i fellesskap ein søknad om flytting av barnehage- og skuletilbod til Hornindal, dette vert ein realitet frå neste år. Hornindal er ei rik bygd; og med Bjørke, Kalvatn og Austefjorden på laget har me moglegheit til å skape ein sterk krins i «Nye Volda».

Bjørke er ein liten stad og vårt kulturelle og sosiale miljø vil bli styrka av å høyre til denne krinsen. I dag leiger vi tenester i nabokommunane, mens skattepengane og stemmeretten vår går til Ørsta.

Vi ynskjer å ha påverknadskraft i vårt nærområde som er Nye Volda kommune. Vi trur at Volda og Ørsta i praksis vil gi oss dei same tenestene men vi forventar at Hornindals inntreden i Nye Volda gjer at bygdene med vår verdiskaping vert tatt på alvor.

Årsmøtet i Bjørke Grendalag ba styret om å framskaffe informasjon før ein evt. grensejustering. Dette har Grendalaget gjort etter beste evne men det viser seg at dei har fått feil informasjon om saksgangen. Etter forespørsel frå oss har Fylkesmannen informert om den korrekte saksgangen.

Vi vel derfor å sende inn ein søknad om grensejustering slik at prosessen startar i rett rekkefølgje og vert behandla av rett instans, slik at alle kan få den nøytrale informasjonen som det var ei forventning om.