Lesarinnlegg om «Nye Volda»:

«Unge på Bjørke vil til Volda»

Vi unge vaksne som er framtida på Bjørke ynskjer no å komme med ein uttale om grensejusteringsprosessen til «Nye Volda». Ynskje om å ta del i «Nye Volda» kommune kjem som ein naturleg konsekvens av at Kvivsvegen vart realisert.

Den nye infrastrukturen har gitt innbyggjarane på Bjørke ei fantastisk moglegheit for framtidig utvikling av bygda. Vi ser at Hornindal har hatt vekst etter vegopninga og det vil vi vere ein del av. Småbarnsforeldra på Bjørke sende i fellesskap ein søknad om flytting av barnehage- og skuletilbod til Hornindal, dette vert ein realitet frå neste år. Hornindal er ei rik bygd; og med Bjørke, Kalvatn og Austefjorden på laget har me moglegheit til å skape ein sterk krins i «Nye Volda».

Bjørke er ein liten stad og vårt kulturelle og sosiale miljø vil bli styrka av å høyre til denne krinsen. I dag leiger vi tenester i nabokommunane, mens skattepengane og stemmeretten vår går til Ørsta.

Vi ynskjer å ha påverknadskraft i vårt nærområde som er Nye Volda kommune. Vi trur at Volda og Ørsta i praksis vil gi oss dei same tenestene men vi forventar at Hornindals inntreden i Nye Volda gjer at bygdene med vår verdiskaping vert tatt på alvor.

Årsmøtet i Bjørke Grendalag ba styret om å framskaffe informasjon før ein evt. grensejustering. Dette har Grendalaget gjort etter beste evne men det viser seg at dei har fått feil informasjon om saksgangen. Etter forespørsel frå oss har Fylkesmannen informert om den korrekte saksgangen.

Vi vel derfor å sende inn ein søknad om grensejustering slik at prosessen startar i rett rekkefølgje og vert behandla av rett instans, slik at alle kan få den nøytrale informasjonen som det var ei forventning om.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Den nye infrastrukturen har gitt innbyggjarane på Bjørke ei fantastisk moglegheit for framtidig utvikling av bygda

Leses nå
 

Forsiden nå:

Resultata tikkar inn:

Sula tar av i tv-aksjonen

Rundt 1.000 personar har vore innom på den direktesende folkefesten til tv-aksjonen i Langevåg.

Møre og Romsdal er på foreløpig 1. plass i tv-aksjonen

Klokka 21.15 låg Møre og Romsdal på topp på fylkesstatistikken på tv-aksjonen.

Åndalsnes

Syklist alvorleg skadd

Luftambulanse er rekvirert etter at ein syklist og ein bil har kollidert på Åndalsnes.

Hareidstemna

Moser heim att til Hareid

Grunna gittercellene i hjernen fann mange fram til Hareidhallen laurdag.

Barneteatret Vårt:

– Hvem vil du være om du kan velge helt selv?

Goodbye til alt vi må, skal og burde være, til rosa for jenter og blått for gutter. Hello til ei framtid der du kan være og se ut akkurat som du vil.