Vi må bygge nye vegar så kostnadseffektivt som råd. Skal vi klare det, handlar det ikkje berre om å ha gode planar, god gjennomføring og val av smarte løysingar. Ein må også syte for at der er konkurranse om oppdraga.

Dette sikrar ein ikkje best ved at vi berre står at med eit fåtal store, norske entreprenørar. Erfaringane med ferjeanboda fortel oss at få, store tilbydarar slett ikkje pressar prisane ned. Vi må difor stelle oss slik at vi beheld underskogen av små og mellomstore tilbydarar.

I Sunnmørsposten tysdag åtvara adm. direktør Per Kristian Langlo i Aurstad AS i Ørsta mot ei slik utvikling, og fryktar mellom anna at dei mindre entreprenørane vil få problem med å klare seg om dei ikkje får samarbeide om anbod.

Ein fersk høgsterettsdom som slo ned på samarbeid i drosjenæringa, aktualiserer denne problemstillinga. Saman med Maskinentreprenørenes Forbund ber Langlo no om at styresmaktene tryggar at også dei små og mellomstore entreprenørselskapa kan få sin del av den kraftige opptrappinga i Nasjonal Transportplan.

Les også: – Lova må ikkje hindre mindre bedrifter i å få oppdrag (for abonnentar)

I den komande vegplanperioden skal det brukast 1.000 milliardar på transportføremål, hovudtyngda av dette på veg og jarnbane. I denne satsinga er det eit mål å byggje meir samanhengande prosjekt. Både dette og meir offentleg-privat-samarbeid kan gi endå fleire store anbod enn i dag.

Sjølvsagt skal vi ikkje bryte konkurranselovgivinga eller ri på proteksjonisme. Gjennom måten vi deler opp anboda på og ved å tillate eit visst samarbeid om anbod, kan vi likevel klare å behalde underskogen av mindre entreprenørar.

Vi har mykje att for at små og mellomstore norske selskap kan vinne i konkurransen om transportmilliardane. Det bidrar til å trygge arbeidsplassar, kompetanse og busetnad utover heile landet. Vi har både full rett til å ta slike omsyn.