På vegne av tilsette i Helse Møre og Romsdal ved Volda sjukehus og Mork rehabiliteringssenter, tek vi sterk avstand frå SEMCO/NORDIC sin delplan for areal utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal der dei legg ein til grunn vedtak om sentralisering av tilbod, som vi ikkje er gjort kjent med.

Dette kom som lyn frå klar himmel når vi opna laurdags utgåva av SMP.

Den byggningsmessige utviklingsplanen hadde vi forventningar til, då vi har stort arealbehov i Volda. Ut frå det vi les er der lite/ingen utvikling å spore, og kan tvert om oppfattast  som ei nedbygging av Volda sjukehus. Kva med miljø satsinga grønt sykehus, kvalitet, kostnad, forutsibarheit, konsekvensar, og beredskap? Finst der utgreiingar eller analysar mht dette?

Denne rapporten skaper stor uro mellom tilsette, og framstår som lite truverdig. Det er difor svært urovekkande at dette arbeidet skal være del av ein samla areal utviklingsplanen i Helseforetaket.

Odd Frode Aasen, Hovudtillitsvald overlegeforeninga.

Velle Espeland, Hovudtillitsvald Yngre Legars Forening.

Elisabeth Kirkholm, Hovudtillitsvald Fagforbundet.

Dagny Botn Brautaset, Hovudtillitsvald Norsk Sjukepleiarforening.

Audun Risahagen, Hovudtillitsvald Det Norske Maskinistforbund.