«NRK er ikkje balansert»

Meninger

Det var gledeleg at president Trump den 6. desember kom med kunngjeringa om Jerusalem som Israels hovudstad. Dette er ei stor glede for millionvis av menneske frå alle verdsdelar. Men ikkje uventa presenterte NRK saka som noko «katastrofalt» med svært ubalanserte kommentarar; – hovudsakleg frå antisionistiske røyster, samt terrororganisasjonen Hamas, som vil fjerne Israel frå kartet. (S. 1 og artikkel 5 i Charteret).

Å unngå å godkjenne Israel sin rett til sjølv å bestemme hovudstaden sin, ville i tilfelle ha vore brot på folkeretten. Dessutan ville det ha gitt arabarane/Islam vetorett over Israel og USA. Jerusalem har aldri vore hovudstad i nokon annan stat enn Israel.

Politikarar har ofte blitt skulda for ikkje å gjere det dei har lova. Trump har blitt skulda fordi han gjer det han har lova i valkampen. Når eg er heime, ser eg ofte på kristne kanalar om kvelden; mest Visjon Norge. Der høyrde eg nyleg assisterande redaktør Bjarte Ystebø frå avisa Norge I DAG, kome med ei forbausande lang liste over vallovnader som Trump hadde fått gjennomført etter at han kom til makta.

Det er ei kjensgjerning at president Trump i den seinaste tid er blitt ein kristen. Det stadfesta også den messianske jøden Rory Kaye frå USA, då han fredag den 8. desember gjesta Fosnavåg bedehus og heldt sabbatsmåltid saman med om lag førti frå ymse kyrkje- og menigheitssamfunn.

I ei bisetning fortalde Kaye at ein som han hadde vore mentor for, var der då Donald Trump blei bedt for, og han fekk oppleve Trump på kne idet han bekjente ei mengd synder.

Rory Kaye var ein av dei som bad for Donald Trump då han blei innsett som president for USA. Jesus Kristus har tatt all verdas synd på seg, står det skrive, og den som har tatt imot den gåva som Han er frå Gud, tek imot tilgjeving for alle sine synder. Og når ein har bekjent synda for Gud, og også for menneske om nødvendig, kan andre då halde fast på synda deira? Den som gjer slikt, gjer vel synd sjølv og då? Dette må no vere noko som iallfall kristne burde vite?