Møreaksen

No når ein er i innspurten av traseval av Møreaksen, må ein i ein logistikksamanheng sjå på heilskaplege løysingar som tener flest mogleg som har behov for transport både av «mjuke» og «harde» varer.

Så må ein samtidig evne og sjå dei ulike transportformene i samanheng.

Kva med jernbanen

Har ein gløymt at det er endestasjon på Åndalsnes for jernbanen, og er ikkje den med i framtidas transportsystem for M & R?

Er den framleis med, er det lite nyttig å forlenge og forsinke transportvegen til Åndalsnes, og også i samanhengen dra med seg Eksportvegen for vanleg hjulgåande.

Men i all argumentasjon omkring E39 og Møreaksen, er desse to veldig viktige punkta ikkje nemnd i det heile.

Traseanbefalinga frå Digernes til Vik.

K3-løysinga nordover frå Solnørdalen vil sende indre strok som Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda kommunar, og for ikkje snakke om all den transitt-trafikken på aksen n/s som går over Stranda, ut i ingenmannsland.

Næraste påknyting kan verte Dragsundet.

Kvar er sunnmøringane?

Er der ingen sunnmøringar som har fått med seg den omfattande næringsmiddelindustrien på Stranda, som slett ikkje er der på grunn av marknaden, men nærast av tilfeldigheiter.

Og for ikkje å nemne møbelindustrien også i nabokommunen.

Bedriftene i Stranda er «innesperra» i høve til sin logistikk. Prøver dei sørover, må dei nytte ei rås som ligg på ei myr mellom tuna over Markane, for så å treffe låge utdaterte tunnelar over Strynefjellet.

Vender dei seg nordover, må dei anten klatre over eit fjell, eller finne seg ei anna «rås» ut mellom fjellhamrane for å nå tak i omverda via ferjer.

Det viktigaste for desse siste kommunane er Storfjordsambandet, for å bygge saman vår region.

Rett og slett ei forlenging av Møreaksen.

Og no vil ein at «omverda» skal flyttast og forlengast, samstundes med at løyvingane i Romsdalen og andre utbetringspunkt på Eksportvegen, vert skuva ut i tid, for at ein skal ha nok midlar til den største draumen til Molde; å verte knyta nærare til den mest folkerike regionen i vårt fylke.

Og ved å velje K3 for å spare 3–5 minutt, raserer ein samstundes eit felles turområde for heile Sunnmøre.

K3- over Mevatnet får kanskje 3 % stigning, K2- Ørskog fjellet har 4 % ...

Folkerøysting

I desse tider når det har vore mykje skriving kring rettferdige og urettferdige folkerøystingar, trur eg at eg kjenner svaret dersom ein hadde spurt sunnmørsindustrien om kva dei ynskjer seg mest; innkorta transporttid til Molde på 3–5 minutt, eller ein fullverdig europaveg ut og inn av fylket?

Vi må legge forholda til rette for eksisterande industri, og spesielt industri som ikkje er stadbunden på ein måte som gjer at den ikkje kan flyttast.

Den såkalla «framtidige industrien» er ikkje her no …

Vi har ein av dei siste dagane stengt ned ein fabrikk i Kristiansund (Ello).

Dette er ein type fabrikk som ikkje er stadbunden. Alt som har vorte produsert her, har berre vore så vidt innom byen ein tur, for så etter bearbeiding å ta turen ut til kontinentet.

Vi har fleire slike fabrikkar i vårt fylke (møbelproduksjon?).

Og alle som kjenner til produksjon, veit at den som har god og rimeleg logistikk nært marknaden, «vinn krigen».

På presentasjonsmøtet med Statens vegvesen, vart det spurt om kva som vert framtida til Ørskog fjellet, men der fekk ein berre vage svar, om at dette vert ein fylkesveg, og då vert sjølvsagt standarden redusert.

Medan vi ventar på gule striper, treng sunnmørsindustrien følgjande, og omgåande.

Krava stemmer godt med val av K2-traseen frå Digernes til Vik, og delar av strekninga kan ordnast medan vi ventar på samanhengande gule striper.

Utbetring av Ørskogfjellet, lange krabbefelt på begge sider.

Ny tunnel/utbetring av Hjelviktunnelen til ny standard, full høgde.

Krabbefelt/utbetring av Måndalshøgda.

Omlegging på Veblungsnes.

Gjere ferdig det resterande i Romsdalen slik at transportørane slepp omkopling/omlasting på Bjorli på grunn av manglane vegstandard på E136!

Vi som sunnmøringar må ha større ambisjonar enn «flat veg» til Molde som gir ein gevinst på 3–5 minutt, og til formidable brukarkostnader.

Møreforsking etterlyste ein «Mørejarl» i ein rapport i 2014.

Og no er det viktigare enn nokon gang å finne ein ny «Mørejarl».

Vi må langt tilbake i tid før vi hadde ein. Kanskje den siste vi hadde var då vi fekk landfast flyplass?

For tida er det forunderleg stilt frå nåverande Jarlar på det visjonære feltet utanom bysentrum.

Den nye «Mørejarlen» må vere ein som har «kjøttvekta» bak seg, og då må han snart kome på banen, for det er val i 2019, og det er ikkje lenge til.

Eit nokolunde oversett ordspråk frå Winston Churchill lyder;

«Den som ikkje har uvenner, har ikkje utretta stort i livet»