For eit par år sidan las eg på nettet ein uttale frå ein professor som var tydeleg på at borna skal ha H-mjølk.

Personleg er eg heilt einig, og med dei foreldre som vågar å ta sjølvstendige val trass i statlege tilrådingar. Denne mjølkepolitikken bør setjast på sakskartet att og vurderast på nytt. Som det no er, skaper det ofte både frustrasjon og usikkerheit.

Å la vere å gi borna H-mjølk er etter mitt skjøn å gjere dei ei bjørneteneste.

Eg veit at eg no provoserer fleire – helsefolk, feitleiksprofetar og hjartespesialistar. Overvekt kan nok helst knytast til søtstoff, og hjartesjukdom vert nok delvis knytt til metta feitt, som fløyte og meierismør i mengder som velståande folk for nokre tiår sidan gjorde seg nytte av.

Åtvaringar her gjorde at hjarteproblem gjekk noko ned. Ser på nettet at det er ein del ulike synspunkt no rundt hjarteproblem og metta feitt.

Aktive born i kroppsleg utvikling treng eit godt grunnlag som kan gi god helse både i barnealder og langt seinare i livet. Her kjem sikringskosten som H-mjølka er, inn. Vi som vaks opp på gard og nærmast vart tvinga til å drikke denne mjølka, vart ikkje feite eller usunne. Det var aldri snakk om andre typar mjølk fordi H- mjølk var «farleg».

Mjølkefeittet med fleire typar vitamin samverkar med andre stoff, bl.a. kalsium.

Å skiple forholdet mellom ulike stoff i mjølka, kan kanskje vere lite lurt for opptak og utnytting.

Heller ikkje bra å ta ut feittet som smør og fløyte dersom ein overdriv bruken av det. Dette tenkjer eg utan å vere fagperson.

Pendelen har svinga til nærast skrekk for H- mjølka.

Vi veit at hjernen består av og treng feitt, vi veit at D-vitamin er turvande og ofte mangelvare, A-vitamin er bra for syn og auge.

Truleg kan H-mjølka vere positiv med tanke på normal tarmfunksjon, og den kan vere urodempande, samt mykje anna som er bra ved normalt inntak av H-mjølk for born, og eit aldri så lite inntak for vaksne og. Vi har og ei hjerne med myelin som treng diverse sortar feitt. Feittløyselege vitamin blir borte når mjølkefeittet er vekk frå mjølka.

Så eg vågar, trass i eventuelle protestar, å be foreldre vurdere om ikkje borna bør få H-mjølk heime, om dei ikkje får det i barnehage eller skule. Så får dei kanskje litt mindre sug etter og behov for søt drikke og snop.