Beklagar mitt ordval ovanfor dei som er mitt kollegium, medansvarlege for vedtak og slutningar som vert gjort mellom anna på skjønn, for det er nettopp her vi politikarar har ein tendens til å tråkke over.

Ei krise

Som mangeårig politikar veit eg kor vanskeleg det er å fatte eit vedtak som kan påverke ein livssituasjon for eit einskildmenneske.

Slik følte eg det då kollegaer i Giske kommunestyre valde å stemme mot meg, og mitt forslag om å forsikre oss politikarar om at barn og familiar blir varetatt på ein riktig måte, i situasjonar som livet kan bringe oss inn i. Dei kan nå oss alle, uansett kor gode våre intensjonar måtte vere.

Ei barnevernssak er faktisk ei krise – både for barnet og foreldra. Uansett utgangspunkt.

Mange har kanskje registrert at eg er kritisk til manglane norsk barnevern dessverre lid under. For min del blir det litt ekstra trist når min eigen statsråd, Solveig Horne i barne- og familiedepartementet er øvste leiar. Når det er sagt, er ein statsråd avhengig av å ha tillit til at kommunane ho leier, gjer jobben sin.

Eg har ved fleire høve fortalt ho at slik er det ikkje over alt, og det tek ho på største alvor. Giske er ikkje eit unntak, og det er ho informert om.

Bekymringsmeldingar – på barnevernet

Som medmenneske og politikar valt av folket, kviler det eit stort ansvar på mine skuldrer. Eit ansvar eg sjølv føler på kvar gong eg blir kontakta av dei som kjenner at forvaltninga ikkje gjer jobben sin.

Dei siste åra har eg blitt fortalt hjarteskjerande historier. Historier eg har involvert meg i, brukt mykje av mi og familien min si tid på å sjekke – ja, dobbeltsjekke.

Kanskje så sit eg ikkje med fasiten til slutt. Kvar av dei som har tatt kontakt, har uansett gitt meg ein grunn til å ta desse på alvor, og når du får mange nok bekymringsmeldingar så begynner du å bli nysgjerrig – eller kanskje eg skal seie engasjert?

Det skal ikkje mange slike meldingar til før barnevernet grip inn – men kor mange slike skal det til før vi politikarar skal ta grep? Derfor må eg gi leiar av kontrollkomiteen i Giske kommune, Gunnar Morsund, både honnør – og litt ris.

Bukken og havresekken?

I Sunnmørsposten førre onsdag lova han å ta bekymringane frå innbyggjarar i Giske kommune på alvor, noko fylkesmannen nekta å gjere. Morsund ønskjer ein forvaltningsrevisjon av barnevernet i Giske – altså gjer barnevernet ein god jobb?

Det spørsmålet turte ikkje fleirtalet i Giske å stille.

Dette står det respekt av, og kjenner eg han rett, så bruker han dei rettmessige midlane han rår over til å bruke eksterne og uhilda instansar til å gjere nettopp den jobben.

Bukken og havresekken har aldri gjort noko konstruktivt saman vel?

Så kjem risen. Morsund meinte eg hadde valt ei form og eit partsinnlegg i min interpellasjon som blei fremja for kommunestyret i Giske i juni, som kunne provosere nokon, ved å sitere ei fortvila mor sitt tap av eit barn. Beklagar Morsund.

Mitt innlegg var ikkje meint å provosere nokon. Mitt innlegg var heller ikkje eit partsinnlegg. Mitt innlegg var ein referanse til deg – og mine kollegaer om korleis vårt lokalsamfunn må ta på alvor dei bekymringsmeldingane vi får i arbeidstida vår, på fritida vår og til alle tider på døgnet.

Vi er valt av folket for å ta i mot desse meldingane.

John Ingolf Alvheim

Kanskje blei vi valt, nettopp fordi vi har lova å lytte, sjekke og dobbeltsjekke at ingen urett har blitt gjort? Det er jobben vi søkte på og fekk.

Som politikar frå Framstegspartiet, må eg få lov å legge til at menneskevenen John Ingolf Alvheim, var årsaka til at eg blei politikar og medlem av Frp. Alvheim jobba både i Noreg og i utlandet for dei svakaste som anestesisjukepleiar og diakon.

Han stod sterkt i si tru på medmenneske og dei han hadde nærast sitt hjarte. Trua på barna var den sterkaste.

Dessverre hadde han mista all si tru på dei som skulle stå barna og deira familiar nærast i krise – barnevernet. Dette er over 20 år sidan. Eg og mange fleire med meg skulle ønske at systemet hadde snudd og Alvheim sine ord hadde blitt gjort til skamme.

Vern barna

John I. Alvheim forfatta ti bod, ved sida av dei ti bod han sjølv forfekta som ein sterkt kristen person. Hans ti bod var å halde seg langt borte frå barnevernet sitt søkelys. La oss gjere John Ingolf Alvheim sine ord til skamme og rette opp tilliten til barnevernet. Gjer barnevernet til nettopp det det skal vere – eit vern for barna.

Meir om denne saka under (alle artiklar er for abonnentar)

Opplever stengde dører om barnevern - utvalsleiar vil foreslå gransking

Hadde lov å lukke møte om barnevernssak i Giske

Giske: – Barnevernssak lukka ulovleg

Slik gjekk det då Søre-kommunane undersøkte barnevernet:

Avdekka dårleg oppfølging av barnevernsbarn

Barnevernet følgjer opp betre - men bryt framleis lova

Ina Giske, politiker i Giske for Fremskrittspartiet. Foto: priv