Ein må gå ut ifrå at alle meiner det same, leiarar som brukarar, at eit godt barnevern trengst. I høg grad, når situasjonar og tider vert vanskelege for barnefamiliar, og dei treng hjelp og støtte for å klare seg saman i ein tøff kvardag. Men kva så når føresette opplever at det som var meint som hjelp, kjennest som ein trussel og å verte «sette på tiltalebenken»?

Vi veit at i alle samfunnslag er det personar som misbrukar si makt. Når dette skjer i barnevernet, er det uhyre skadeleg. Skulle dei i sin iver etter å hjelpe barnet endå til setje det opp mot sine føresette, er uboteleg skade påført. Dei profesjonelle aktørane, det vere seg både skule og barnevern, har feila viss dei opplevast som motstandarar i vanskelege saker.

Tone W. Trøen (Smp. 14.01) seier barnevernet har eit av samfunnets viktigaste oppgåver. Ho signaliserer eit varmare og meir imøtekomande barnevern i framtida, og vedgår då at slik er det diverre ikkje enno.

Rådmannen i Giske, Marit Larsen, (Smp. 17.01) synest det er bra at søkjelyset vert retta mot barnevernet. Dei som treng hjelp frå denne etaten skal føle seg varetekne, og møte eit barnevern som sikrar rettstryggleiken på ein god måte. Då er det eit paradoks at føresette som føler seg hjelpelause og trakka på ikkje skal kome til orde!

Leiarane i Pleie og omsorg i kommunen vel å lytte til barnevernet sine tilsette. Dei bør vere meir audmjuke og ta høgde for at urett kan skje. Nettopp dei skulle vere dei fyrste til å lytte til historiene til desse som frå før er i ein vanskeleg livssituasjon. Berre ved å sjå realitetane i augo kan rettstryggleiken for innbyggjarane verte sikra!

(saka held fram under)

Tidligere innlegg om barnevernet i Giske:«Er full tillit ei sunn haldning?»«Barnevernet – eit vern for kven?»«Full tillit til barnevernet»«Barnevernet vernar born»«Eit styrka barnevern»

Ina Giske har blitt kontakta av familiar i kriser som meiner seg utsette for urett handtering. Då er det bra at ho tek dei på alvor, lyttar og ynskjer fokus på enkeltsaker. Sjølv kjenner eg til ei sak der barnevernet sette i verk forhasta tiltak. Her har dei visst omsider slått retrett, men altfor seint. For alle desse skadelidne hjelper det svært lite å få høyre om kor nøgde fagetatane er med kvarandre, og med barnevernet sin innsats i Giske.

Både barnet og dei føresette må møtast med velvilje og forståing viss ein skal få i gang endringar til det betre, elles vil kriser eskalere. Mistillit og strid står i vegen for adekvat hjelp. Går det prestisje i barnevernssaker, står sanninga for fall.

Det må stillast store krav til barnevernet, både når det gjeld fagleg kompetanse og til måten dei møter klientane på. Det er her kvaliteten skal merkast, ikkje via store ord frå kommuneleiinga, der barnevernet står fram som perfekt.