Eg les med undring eit lengre innlegg på nettsida til Sunnmørsposten i samband med ny E39. Registrerer der at friluftsinteressene veg tyngre enn trafikksikkerheita? Dei fleste som bor i vår region må vel erkjenne at dagens veg ikkje er tilfredsstillande med tanke på aukande trafikk. Dagens trasé deler Ørskogfjellet, eit av dei største friluftsområda på våre kantar, i to med E39 som ein bein strek tvers igjennom.

Eg kan ikkje seie å ha registrert at friluftsinteressa har gått tilbake av den grunn? Dessutan er det i dei seinare åra bygd ut bra med parkering, noko ein absolutt ikkje kan sei om tilkomsten til friluftsområda med utgangspunkt frå Fylling i Skodje. Ein smal og svingete fylkesveg og altfor lite parkering lagar farlege trafikkfeller på glatt føre når «turistane» parkerer uvettig og til dels ulovleg i køyrebana.

For fastbuande i området gir dette utryggleik i forhold til om utrykkingskøyretøy klarer å passere og rekke fram i tide når det står om liv.

Så kjære varaordførar i Skodje, eg utfordrar deg og andre politikarar: de har ei oppgåve med å jobbe for nødvendig skilting mot villparkering og flytting av fartsskilt før de inviterer 100.000 til rekreasjon i nærområdet vårt.