Lesarinnlegg: Vegvedlikehald

«Manglande vegsalting»

Lat ikkje sparetrongen på Sunnmøre slå ut i manglande vegsalting på fylkes- og kommunevegar, skriv Roald Berg-Nilsen i dette lesarinnlegget.

Gjerrigare: Er Sunnmøringane meir gjerrige på vegsaltet enn dei som steller vegane i Sogn og Fjordane og Hordaland? ILLUSTRASJONSFOTO: KNUT ARNE AARSET  Foto: Knut Arne Aarset

Meninger

Laurdag 27. januar køyrde eg frå Osterøy til Eidså i Vanylven. Der eg køyrde på Osterøy, Bergen, Lindås, Masfjorden, Gulen og vidare på E39 til Nordfjordeid var vegane berre og godt vedlikehaldne. Det var lite snø og bart på markane, bortsett frå vegen over Romarheimsdalen og fjellet til Førde sjølvsagt.

Det same gjaldt frå Eid og til Bryggja på RV15. Då eg skulle inn på fylkesveg 61 over Maurstadeidet i firetida om ettermiddagen byrja fanteskapet. Ingen salting bortsett frå eit lite parti i svingane ned mot Åheim. Ein trailer la på kjettingar på flata over eidet, den hadde vel streva i svingane før dette.

Mangel på bar veg haldt fram heilt fram til Eidså og vidare til Syvde, der eg var litt seinare på dag og sikkert vidare. Rett nok var det litt meir snø på markane på Sunnmøre enn i Nordfjord, men mitt spørsmål er likevel: Har Møre og Romsdal ein annan vegsaltingsplan enn Hordaland og Sogn og Fjordane?

Lat ikkje sparetrongen på Sunnmøre slå ut i manglande vegsalting på fylkes- og kommunevegar.