Ytring:

Grønare turisme i Geiranger?

– Det er lite hjelp i å grønmåle sjølve opplevinga i Geiranger viss ein ikkje får gjort noko med utsleppa knytt til reisa, skriv leiaren for Naturvernforbundet.

Utsikt: Utsikta over Geirangerfjorden lokkar mange turistar, men når eksosrøyken ligg over fjorden og elvane må leggast i røyr, taper både naturen og turistnæringa.   Foto: Anne-Mari Tomasgaard

Tida er inne for ein meir energigjerrig turisme

Øystein Folden
Meninger

Fylkeskommunen, saman med reiselivsnæringa, skal snart ha ein konferanse om grønare reiseliv; Grøn Fjord 2018. Det er jo godt at nokon tar tak i dette. Blir det bra nok?

Dei innbydde til konferansen blir rådd til å ta fly til Vigra. Burde ikkje leiarar i denne næringa sjekke opp korleis ein kan kome seg til området med tog og buss? Det skal brukast buss mellom Vigra og Ålesund i det minste, det er jo noko. Derifrå går skyssen med ny båt til Geiranger. Der kan det hende det er noko på gong. Heilelektrisk skal det bli, men førebels går det med ein del diesel. Geiranger er finast utan eksossky.

Det er lite hjelp i å grønmåle sjølve opplevinga i Geiranger viss ein ikkje får gjort noko med utsleppa knytt til å reise til Sunnmøre.

Det er heller ikkje greitt med dei elvane som går med til å produsere straumen vi vil bruke meir av. Seinast no ligg det ei sak i Olje- og energidepartementet om utbygging av ein god slump til av Langedalselva sør for Hellesylt. Der må planter, fisk og friluftsliv betale for at nokon vil gjere seg næring av såkalla grøn energi. Denne elva har Naturvernforbundet peika på som det mest verneverdige vassdraget på Sunnmøre og i Nordfjord. Spørsmålet om det skal givast løyve til Langedalselva kraftverk ligg no til avgjerd i departementet. Fylkesmannen har kome med motsegn til planane, og mellom anna Naturvernforbundet har protestert. Eit hydrogenprosjekt som støttar opp om Grøn fjord og gir seg ut for å vere miljøvennleg, bør også seie nei til utbygging av omdiskuterte elver.

Når nokon peiker på hydrogen som rein energi, skal ein vere merksam på at hydrogen må produserast. Det kan tenkjast at ein bør produsere hydrogen med hjelp av solceller eller vindkraft, ustabile kraftkjelder, så ein har noko å lage straum av når sola er borte og vinden er for svak eller sterk. Så lenge solcellene og vindturbinane står på hustak, er det små problem knytt til desse. Men å produsere hydrogen frå kraftverk som drikk opp fossane våre, det er eit feilspor. Skal vi ha noko å tilby turistane, kan vi ikkje halde fram med å legge fossane våre i røyr.

Tida er inne for ein meir energigjerrig turisme. Geiranger utan eksossky – fint, men viss det samtidig blir utan fossar, då er det ikkje greitt.