Eg las kronikken til Elisabeth Solvang i Sunnmørsposten laurdag med stor interesse. Ho peikar på mykje viktig, og eg er einig i det meste. Men i det siste avsnittet skriv ho noko som eg er sterkt ueinig i. Ho foreslår å avkriminalisere brukardosar og la rusmisbrukarar få dosane sine på apotek for å slå beina under marknaden til bakmennene.

Eg trur at dette er ønsketenking.

Narkotikaindustrien representerer sterke krefter. Jan Egeland, som var FN sin representant under fredsforhandlingane mellom staten og geriljaen i Colombia i perioden 1998-2001, seier at den globale narkotikaindustrien truleg er på størrelse med verdas olje- og gassindustri og dobbelt så stor som bilindustrien. Sidan Jan Egeland sa dette i 2009, har omfanget av narkotikahandelen i alle fall ikkje blitt mindre.

Ein så mektig industri vil nok ikkje gi frå seg marknadsdelar så lett. Truleg vil legalt sal av narkotika kome i tillegg til det illegale, og vi veit at auka tilgang gir auka bruk. Denne marknaden lar seg ikkje mette.

Sverige gjorde ei viktig erfaring mellom 1965 og 1967 ved det såkalla «legalføreskrivningsprosjektet». Legar i Stockholm fekk lov til å skrive ut narkotika til ei gruppe sprøytenarkomane slik at dei kunne injisere på eiga hand. Frekvensen av intravenøs narkotikabruk eksploderte. Talet på sprøytenarkomane blei dobla på eitt år.

Etter dette starta Sverige ein omfattande kampanje mot den illegale narkotikahandelen, og talet på aktive narkotikabrukarar gjekk straks ned.

«Legalføreskrivningsprosjektet» baserte seg på den same urealistiske ønsketenkinga som «dosar på apotek» gjer. Det er mange spørsmål som melder seg når det gjeld ein slik avkriminaliseringspolitikk.

Tenkjer ein at alle avhengnadsskapande stoff som heroin, amfetamin, kokain, ecstasy, benzodiazepiner, metamfetamin, cannabis, osv. skal kunne vere tilgjengelege på apotek? Dessutan kjem det stadig nye rusmiddel til, i ei fart som det er vanskeleg å halde tritt med.

Og kven skal velje ut dei som kvalifiserer for tilbodet? Kven skal forsyne apoteka? Den etablerte narkotikaindustrien? Skal styresmaktene kanskje starte ein konkurrerande narkotikaindustri? Eller ser ein for seg at private skal kunne investere i denne attraktive, legale narkotikaindustrien? Eller skal ein basere seg på den eksisterande medisinindustrien?

Narkotika på apotek vil nok ikkje øydeleggje for «bakmennene».

Eg trur at ein heilskapleg, konsekvent og restriktiv ruspolitikk er det som må til for å demme opp for den offensive og mektige narkotikaindustrien. Styresmaktene må prioritere rusfeltet langt høgare enn i dag, og løyvingane må stå i høve til problemkomplekset.