Skrytelista var lang i det sjølvtilfredse avskilsbrevet der politimeister Steven Hasseldal oppsummerte sine tre og eit halvt år i Sunnmøre politidistrikt. Ikkje mindre enn 32 lysande døme fann han grunn til å briske seg med.

Hasseldal hadde stått seg på å trekkje fram også saker utan same glansen.

Manglar tillit

Han var noko meir sjølvransakande i intervjuet med Sunnmørsposten då det blei kjent at han forlet politidistriktet:

– Én av utfordringane for politiet på Sunnmøre er tilliten ute hos befolkningen. Til tross for at man leverer gode resultater, har man ikke helt lyktes med å få den gode tilliten ute blant folk, sa Hasseldal.

Han overtok eit politidistrikt nær botnen på tillitsundersøkingane til Politidirektoratet, og det har ifølgje han sjølv ikkje betra seg nemneverdig.

Eit nytt tillitsbarometer er på veg, men er det råd å tru på framgang der? Det siste året har politidistriktet gjort godt og solid arbeid i tre krevjande drapssaker. Opprullingar av alvorleg narkotikakriminalitet og vellukka innsats mot vinningskriminelle er positivt både for samfunnstryggleiken og politiet sitt omdøme.

På minussida tyngjer fleire vonde saker.

Brusdalulykka

Ei småbarnsmor omkom i august 2013 i ei trafikkulykke i Brusdalen. Politi og vegvesen konkluderte feilaktig med at bilen hennar kom over i feil køyrefelt og kolliderte med møtande bil.

Etter månader med hard kamp - og påstått motstand frå politiet - fekk pårørande av kvinna gjennomslag, og politiet vedgjekk at dei hadde tatt feil. Det var sjåføren i den møtande bilen, ein mann i 50-åra, som kom over i feil køyrefelt og forårsaka kollisjonen.

Sist veke avgjorde Riksadvokaten at det ikkje blir tatt ut tiltale mot mannen fordi årsakstilhøvet ikkje er avklart sikkert nok. Spesialeininga for politisaker etterforskar framleis politiet på Sunnmøre for svikten i saka. Konklusjonen kjem seinare i haust.

Herøy-brannen

Etter fire og eit halvt år avgjorde politiet i fjor vår å ta opp igjen etterforskinga etter brannen der fire ungdommar miste livet i desember 2008.

Politiet konkluderte med at brannen var ei ulykke, men pårørande meinte at brannen kunne vere påsett og fekk til slutt pressa gjennom ny etterforsking.

Politimeister Hasseldal vedgjekk svakheiter i politiet sitt arbeid, og dei pårørande fekk orsaking både for måten dei blei møtt på av politiet og feilinformasjon frå politiet si side. Etterforskinga av saka går føre seg framleis.

Beslag-saka

Ein politiførstebetjent blei i mars i år frikjent i lagmannsretten for tjuveri av ein PC frå beslagsrommet på politistasjonen i Ålesund. Saka som kom opp hausten 2012, avdekte svært dårlege rutinar for handtering av beslag på politistasjonen.

Politimannen fortalde i retten om beslag som flaut fritt rundt på politihuset og at politifolk skal ha forsynt seg av både syklar og sigarettar, med teiande aksept. Politidistriktet fekk sterk kritikk for rutinesvikten frå Spesialeininga for politisaker.

– Det tyngste i denne saken har vært manglende støtte fra politimesteren, sa politiførstebetjenten etter frifinninga.

Manglande støtte. Maktarrogant politi. Involverte og pårørande i sakene nemnt her har hatt ressursar og kraft til å stå opp mot politimakta.

Kva med dei som manglar den styrken? Det er i møtet med dei at politiet må vise seg tilliten fortent.