Framleis er berre rundt 12 prosent av toppleiarane i norske selskap kvinner.
Fleire kvinner er toppleiarar i dag enn for eit par tiår sidan, men framleis
er det langt fram til likestilling i toppen både i det offentlege og i
næringslivet.
At det er under 15 prosent kvinnelege leiarar i den øvste leiinga i dei
største selskapa på Sunnmøre er kanskje ikkje overraskande, men like fullt
nedslåande. Tala tyder ikkje på at vi har eit næringsliv i front av
utviklinga.
Sunnmøre ligg godt under landsgjennomsnittet når det gjeld kvinnelege leiarar i Statistisk sentralbyrå (SSB) sin likestillingsindeks. Det harmonerer dårleg med at vi er ein landsdel som kjemper for å halde på kvinnene og har eit næringsliv som slit med å tiltrekkje seg kompetanse-arbeidskraft.
Det er framleis mennene som dominerer mange område i norsk næringsliv. Menn er i fleirtal blant eigarar, etablerarar, daglege leiarar og styreleiarar. Samstundes ser vi sakte utvikling der talet på kvinner aukar på mange av desse felta.
For 15 år sidan var til dømes berre litt over 20 prosent av norske leiarar kvinner. I dag er over ein tredel kvinner. Størst auke har det vore i såkalla kvinneyrke, i det offentlege og i sjiktet av mellomleiar.
Framleis er berre rundt 12 prosent av toppleiarane i norske selskap kvinner, og tyngst har det vore for kvinnene å kome fram i mannsdominerte bransjar i industrien. Dette vert spegla i eit typisk industriområde som Sunnmøre.
Ein kan akseptere dette som eit faktum, eller ein gjere ein innsats for å få til endring.
Eit offensivt næ- ringsliv vil velje det siste for å kunne møte framtida med auka konkurransekraft.
Kvinner utgjer i dag nær halvparten av arbeidsstyrken. Kvar sjette student ved høgskular og universitet er kvinner, og kvinneandelen blant dei som tek høgare utdanning er klart høgast i dei to fylka på Nordvestlandet.
Den som vil vinne kampen om den høgt utdanna arbeidskrafta, må altså gjere seg attraktiv for kvinnene. Ingen enkelttiltak og snarvegar fører fram i den konkurransen på lang sikt, men det første steget på vegen er å ville det.
Ein av måtane å vise vilje på, er å synleggjere at ein verdset den kvinnelege arbeidskrafta. Den beste måten å gjere det på, er å vise at det blir gitt rom for kvinner i framskotne leiarposisjonar.
