I 1913 kom Laurits Finnøy til Volda saman med kameraten for å starte motorfabrikk. Laurits Finnøy hadde gått i lære hos Nils Finnøy i Romsdal. Det same gjorde Andreas Brunvoll, som starta for seg sjølv med Brunvoll motorfabrikk i 1912.

Over 100 år seinare, torsdag 20. desember 2016, kom oldebarnet til motorpioneren Nils Finnøy, administrerande direktør Odd Tore Finnøy, til Volda for å orientere om at Brunvoll har kjøpte Scana Volda.

Med seg hadde han ein av dei nye eigarane, styreleiar Arthur Brunvoll i Brunvoll, barnebarnet til Andreas Brunvoll.

Godt motteke av dei tilsette: – Scana Volda passar Brunvoll som hand i hanske

Omstilling

Volda, Brunvoll og Finnøy. For båtmotorinteresserte er ikkje dette bedrifter eller geografiske namn. Nei det er motorar.

Volda Mek. og Brunvoll vart skipa då Nordvestlandet vart industrialisert. Det skjedde seint, men brått. I mellomkrigstida var dei 40- 50 motorfabrikkar på Sunnmøre og i Romsdal.

Brunvoll sin spesialitet vart thrusterar, innebygde propellar som vert brukte til å manøvrere. Dette utstyret er i dag uunnverleg både for fiskebåtar og offshorebåtar.

Volda Mek vart kjøpt opp av Scana Industrier på slutten av 90-talet, men har klart seg som ein forholdsvis liten aktør i ein internasjonal markand.

Det same har familieeigde Brunvoll.

Samarbeid

Volda Mek/Scana Volda sin nøkkel til å overleve som liten i ei stor verd har vore tett samarbeid med andre aktørar, ikkje minst på salssida. Med eigarskiftet er eit nytt slikt samarbeid ein realitet. Tanken er at Brunvoll/Volda vil stå sterkare i konkurransen med store, og utanlandsk eigde, selskap som Rolls- Royce og Wärtsila.

I 1924 var Volda Mek konkurs, og skulle seljast til Hjelset motorfabrikk i Molde.

Men voldingane fekk nyss om at moldensarane planla å ta med seg ei viktig radialboremaskin, og anna utstyr, for å samle produksjonen i Molde. I Volda skulle dei berre drive reparasjon av båtar.

Dermed setje arbeidarane i gang ein redningsoperasjon, som førde til at dei sjølve tok over bedrifta.

Det kjem nok ikkje til å skje denne gongen.

Får ros av konsernet Incus Investor: Bruker Scana Volda som eksempel for andre i omstilling