Ein verdiauke på 23 prosent på eitt år er eventyrleg. I alt vart det eksportert fisk og sjømat for knapt 92 milliardar. Dermed gir målet for 2017 seg sjølv: I år skal sjømateksporten passere 100 milliardar kroner.

På heimebane har norsk laks opplevd nye åtak på sitt gode rykte i haust, men internasjonalt er «norwegian salmon» ei merkevare som står sterkt.

Ein prisauke på 40 prosent på eitt år er eit beviset på kor etterspurt den norske laksen er. Også torskeprisen, sildeprisen og makrellprisen fekk eit solid løft i fjor, ikkje minst takka vere gunstige valutakursar. Og her er mykje av forklaringa på suksessen til norsk fisk i 2016.

For i volum har det gått andre vegen. Eksporten av laks minka med 5,2 prosent. Den pelagiske eksporten (sild og makrell) gjekk ned med 15 prosent i volum.

Også eksporten av klippfisk minka i volum, medan eksporten av fersk kvitfisk auka.

Ein av dei store eksportvinnarane er fersk sei, med ein auke på over 60 prosent.

Den ferske seien hamnar i fiskeindustrien i Danmark og Polen, to land der bearbeiding av norsk fisk skaper tusenvis av arbeidsplassar.

For det er dilemmaet for norsk sjømatnæring: Vi eksporterer først og fremst råvarer.