50 av 428 kommunar i Norge er på Robek-lista. Dei er økonomisk vanstyrte. Staten krev godkjenning av låneopptak og kontroll av budsjettvedtak.

Eit skakkjørt Ålesund – den største av dei 50 listeførte – kom på svartelista frå nyttår av. Den økonomiske ubalansen var då forsterka gjennom fjoråret på dramatisk vis. Dåverande rådmann Jarle Bjørn Hanken oppsummerte 2014 som «annus horribilis» – eit frykteleg år – og takka for seg med eit gjeldsnivå på 102 prosent av inntektene, eit elendig driftsresultat og ribba disposisjonsfond. Verre blir det knapt.

Fattighuset

Det var dette fattigmannslandskapet Astrid Eidsvik gjekk inn i då ho møtte på rådhuset 1. april som ny rådmann. Kriseøkonomi var på ingen måte nytt for Eidsvik etter mange år som toppleiar i pengegaloppen Helse Møre og Romsdal. Etter eit drygt halvår i rådmannsjobben pågår no sluttspurten før årets viktigaste sak, budsjett 2016. Eidsvik legg forslaget fram for formannskapet 10. november. Endeleg vedtak blir i bystyret 10. desember.

Er Ålesund på rett veg? Medisinen som blei føreskriven i årets budsjett – mellom anna ein auke på eigedomsskatten frå rundt 25 millionar kroner til rundt 97 millionar kroner – har hjelpt pasienten opp i kneståande. Eidsvik melder om eit resultat i balanse ved årsskiftet.

– Det vert arbeidd godt i verksemdene og rådmannen vil gje honnør for dette. På bakgrunn av prognosane som no er lagt fram, må ein kunne seie at økonomistyringa hittil i år generelt er god i kommunen, skriv Eidsvik til politikarane.God kontroll på utgiftene vert trekt fram som årsak nummer ein, men det har kosta – truleg både svette og tårer: – Det er eit tydeleg press på mange tenester i kommunen ut frå at folketalet aukar og nye brukarar kjem til, skriv Eidsvik.

Slitasje

Ser ein på dei ferske tertialrapportane frå verksemdene, altså dei enkelte skular, barnehagar, sjukeheimar, heimetenester, med mykje meir, får ein eit godt innblikk i stoda på grunnplanet i den kommunale drifta.

Vel og merke er dette rapportar skrivne av leiarar som midt i budsjettprosessen strategisk sett kanskje har meir å tene på å svartmåle enn å fargelegge situasjonen. Likevel er det tidvis dramatiske konklusjonar som blir presenterte. Til dømes:«Dersom vi skal kutte ytterligere i driften, vil det være en trussel mot liv og helse for elevene ved Volsdalen», skriv rektor ved Volsdalen skole.«Personalet er slitne og bekymra», melder leiaren ved Ratvikåsen barnehage og viser til at den gjennomførte nedbemanninga på 20 prosent har ført til ein tidvis «uforsvarleg» ressurssituasjon.Dei to leiarane er langt frå aleine om å melde om pressa ressurssituasjonar, kontinuerlege innsparingar og grunnleggande måtehald. Men dette må til for ein by som har levd med eit kommunalt drifts- og investeringsnivå langt over evne.

Helsefarleg

Grensa går når det går på helsa laus, for både brukarane av tenestene og dei tilsette. Barnehageborn skal ikkje vere utan tilstrekkeleg vaksenpersonale rundt seg.

Lærarar skal ikkje ha aleineansvar for undervisning i grupper på over 40 elevar. Pasientar på avdelingar ved sjukeheimar skal aldri gå utan pleietilsyn om det oppstår akutte situasjonar på andre avdelingar. Alt dette vert omtalt som realitetar i rapportane, og det må vere eit krav at både rådmannen og politikarane tek uromeldingane med seg og ser også enkeltpersonane i dette som først og fremst er ein makelaust flott organisasjonen med 3400 tilsette og tre milliardar kroner i budsjett.

Har lukkast

For det langt frå berre elende som kjem fram i tilstandsrapportane:

Til dømes det viktige arbeidet til aktivitetsleiaren ved Skarbøvik sykehjem som får med seg både barnehagar, skular på alle nivå, ulike kor og tilsette ved sjukeheimen for å auke kvardagsvelferda til brukarane.Og Hessa skule sin kreative bruk av uteklasserom, naust, kjøkkenhage, måling og elevkunst for å kompensere for manglande inneareal.Eller den svært medvitne innkjøpspolitikken ved Aspøy omsorgssenter som har sytt for eit mindreforbruk på over millionen i 2015.

Slike historier kan rådmann Astrid Eidsvik løfte fram når hestane bitst i krybbene for å kare til seg dei små smulane ho har å by på. Det er råd å gjere mykje av lite. Fattigmanns trøyst er som kjent å trøyste seg sjølv. Eller for ein siste gong å låne ordet til eksrådmann Hanken som minna om dette då han avslutta budsjettframlegget sitt i fjor:– Vi skal bruke rundt tre milliardar i 2015. Dette gir eit vell av tenester for våre innbyggjarar. Eit viktig perspektiv er at vi lever i eit land som har dei aller, aller beste levekåra av alle nasjonane på kloden.