Politikarane hadde pynta seg sann passeleg, og smilte pent til fotografane då intensjonsavtalen om storkommunen Volda-Ørsta vart signert tysdag. Sjølvsagt vart det bode på ei obligatorisk blautkake. Det fortener forhandlingsdelegasjonane, som har gjort ein god jobb ut frå føresetnadene.

Ordførar og rådmann med stab skal få kontoradresse i Ørsta, ikkje unaturleg sidan Ørsta er størst. Som plaster på såret får Volda stå først i kommunenamnet. Gjeld og formue skal nullstillast frå i 2020. Fram til då skal ørstingane bruke litt meir pengar enn Volda, mellom anna på idrettshall/symjehall.

For den som vil leite er det ikkje vanskeleg å finne svake punkt i avtalen. Mange voldingar meiner at ørstingane har vore flinkast til å forhandle. Urørstingane på si side meiner dei må vere med på å betale Volda si gjeld.

Les også: Kinobillettar og gratis iphone skal få ungdomar interessert i kommunesamanslåing

Les også: Signerte avtalen mellom Volda og Ørsta

Ja eller nei?

Valkampen kan byrje. Ja eller nei? Det same spørsmålet fekk folket i 1994 og 1972. Dei politiske skiljelinene er nokre av dei same. Dei som var sterkast imot EU og EF er også imot kommunesamanslåing.

Nei-sida har enklaste jobben. Dei kan mobilisere både på prinsipielt grunnlag – nei til sentralisering. Og dei kan mobilisere på misnøye med enkeltpunkt i avtalen. Dessutan er det uryddige liner rundt ei potensiell samanslåing med Hornindal og Stryn.

Det er stort rom for å spele på naboskepsis, uvisse og frykt for svekka lokaldemokrati.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Tung jobb

Ja-sida kjem til å slite. Utgangspunktet er ille nok. Kommunereforma er noko som blir tredd ned over hovudet på lokalsamfunna. Forhandlingane rundt om i landet luktar pliktløp og fråværet av entusiasme er påfallande, sjølv i Høgre-dominerte regionar.

For kva er gevinsten? Kva er poenget med å slå saman kommunar, bortsett frå å unngå økonomisk baksmell i eit framtidig inntektssystem?

«Å skape den fjerde største byen på Nordvestlandet» burde vere det opplagde svaret for Ørsta og Volda sitt vedkomande.

Volda-Ørsta er alt vakse saman, med 1.000 ørstingar som jobbar i Volda, og 800 voldingar som jobbar i Ørsta. Og sidan det er byane som stikk av med mesteparten i våre dagar, så er det vel berre å melde seg inn i klubben? «If you can`t beat them, join them.»

Den 4. by

Visjonen i intensjonsavtalen er «å byggje eit tydeleg regionsenter». Ordet by er ikkje brukt. Først under diskusjonen om korleis ein skal selje avtalen til folket vart det snakka om «Den fjerde byen».

– Eg har ikkje vore noko bytilhengar, men ser at vi vert oppfatta som eit fjerde senter i Møre og Romsdal. Så kanskje er by rett nemning, sa Ørsta-ordførar Stein Aam, overraskande. Dermed vart det faktisk tilløp til entusiasme i forhandlingsdelegasjonane. Så mykje at Stein Aam måtte ta seg inn att med å påpeika at «no vart det veldig mykje snakk om by.»

Les flere meninger her