Maktspreiing er eitt av måla med regionreforma, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H). Verkemiddelet for å oppnå dette er så langt berre å erstatte dagens 19 fylke med rundt 10 nye regionar.

Oppgåvene til dei nye regionane blir stort sett dei same som fylka har i dag. Staten tviheld så langt på det den har. Så vil Sanner sjå på saka litt etter kvart. Om talet på regionar blir ti eller mindre, vil han vurdere å organisere staten sine regionale oppgåver på same viset. Og er dei nye regionane retteleg flinke, då vil han kanskje flytte nokre av oppgåvene over til regionane.

Nokon lovnad om meir regional makt ligg det likevel ikkje i reforma, om ein då ser bort frå at ein større region får ein større knyttneve å slå i bordet med overfor staten.

I eit maktfordelingsperspektiv kan dette bli ein storbyreform. Ein risikerer avskaling av makt i distrikta, og samling av makt rundt storbyar som Trondheim og Bergen. Regionaliseringsiveren er då også størst kring desse byane. Årsaka er enkel: Sett frå Hermansverk eller Molde, Førde eller Ålesund, gir sjølvsagt ikkje ei regiondanning rundt storbyane eit fnugg meir muskelkraft. Tvert imot.

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal sa i førre fylkesting nei til å ta nabopraten både sørover og nordover. Etter at regionmeldinga frå Sanner kom på bordet, legg no fylkesrådmannen fram saka på nytt, førebels i form av ein framdriftsplan.

Målet er i mai å konkludere med kva fylke ein skal i dialog med. Dialogen med naboar og andre aktørar skal gå til utpå hausten, for så å bli lagt fram som ei sak om ny regionstruktur til fylkestinget i desember.Resultatet av ein slik prosess kan sjølvsagt framleis bli at fylket klarer seg godt på eigne bein. Ut frå mangelen på nye oppgåver, vil det nok vere den mest fornuftige konklusjonen. Fylket har ikkje noko å vinne på å verte eit underbruk av Trondheim eller Bergen, og skal det skje, må det tvang til. Sunnmøringen har ikkje noko å vinne på å kome under styring frå Bergen, og nordmøringen vinn heller ingen ting på å kome under fylkesadministrasjonen i Steinkjer. Molde er den som uansett risikerer å tape mest.

Når ballen no likevel kjem i spel, kan mykje skje. Det er krefter på Nordmøre som vil dra dette fogderiet nordover, og sunnmøringane orienterer seg sørover. Om dette opnar for ein ny fogderikamp under regionreforma sin paraply, vil det kunne svekkje fylket si evne til å overleve.

Fleire scenario opnar seg då opp. Anten kan heile fylket bli lagt under ein midtnorsk eller ein vestlandsk region. Legg ein staten sitt organisasjonskart til grunn, peikar det i retning av Trondheim. Det er sjølvsagt ikkje akseptabelt for sunnmøringen. Nordmøringane vil på si side for alt i verda ikkje høyre til ein vestlandsk region.Eit tredje scenario er altså ei splitting av fylket der Sunnmøre går sørover og Nordmøre nordover, medan Romsdal må finne ut på kva måte dei best kan berge stumpane av ein fylkesadministrasjon som i dag gir mange arbeidsplassar.Nokre vil kanskje meine at ei slik løysing er god, og ultrapatriotar både på Sunnmøre og Nordmøre vil sikkert godte seg over dilemmaet Molde kjem i. Men studerer ein kartet og spør kva vi har tent på dette, vil svaret vere at vi har blitt innbyggjarar i kvar sin nye utkant. Vegen til sentrum har blitt lengre, avstanden mellom folkevald og veljar har auka og lokaldemokratiet har tapt nok eit slag.