Det er 50 år sidan førre runde med kommunesamanslåingar. Dette har skjedd sidan sist: Det er ikkje lenger tre ferjer mellom Runde og Ørsta/Volda. Innbyggjarane kan bu i ein kommune og jobbe i kva som helst av dei seks andre på søre Sunnmøre, innanfor det som vert rekna som akseptabel pendlaravstand.

Les kva du skal svare på: Her finn du alle spørsmåla i folkerøystingane

Skal vi ha det slik?

Teknologien er også revolusjonert. I dag kan du leve eit helt liv utan å besøke kontoret til banken din. Det same gjeld rådhuset. Organiseringa av kommunane har ikkje endra seg i takt med samferdselen og teknologien. Det er framleis sju rådhus, sju ordførarar og sju rådmannsstabar. Spørsmålet er: Skal vi framleis ha det slik?

Nei-sug

Kva er eigentleg argumenta for samanslåing? har mange spurt. «Målet er større, mer robuste kommuner med økt makt og myndighet. Dette er nødvendig for å møte morgendagens utfordringer og stadig økte forventninger frå innbyggerne», er svaret Kommunaldepartementet gir på regjeringen.no.

Kan du svare? Få svar på det du lurer på om kommunereforma

Dersom du ikkje blir klokare av dette, så er det nok ikkje deg det er noko gale meg. Vær konkret – «show it – dont tell it» – er ein grunnregel for oss journalistar. Når det gjeld kommunereforma har mykje svikta her. Vi har ikkje fått vite så mykje konkret om korleis kommunane skal bli meir «robuste», og korleis meir makt skal bli tilført. Mange føler at kommunereforma har blitt noko som sentrum vil tre nedover hovudet på oss i periferien. Slike prosjekt har historisk sett blitt møtt med stor uvilje og skepsis i Norge, med nei som resultat når det har vore folkeavstemming involvert.

Sentralisering

Det enklaste er ofte å seie nei. Du veit kva du har, men ikkje kva du får. Lokalavisene på søre Sunnmøre har vore dominerte av nei-innlegg dei siste vekene. Eit nei-argument går att: Kommunesamanslåing svekkjer lokaldemokratiet. Det er ei vesentleg innvending. Avstanden mellom den einskilde innbyggjar og kommuneleiinga vert naturleg nok større i ein stor kommune. På den andre sida: Dersom kommunane verkeleg får meir makt, til dømes gjennom overføringar av oppgåver frå staten, er det ei styrking av lokaldemokratiet.

Kommunesamanslåing er eit opplegg for sentralisering, er eit anna motargument. Andre hevdar at sterke kommunar kan vere med på å demme opp for sentralisering. Kjøtvekta aukar, og kjøtvekt er viktig i kampen om offentlege ressursar.

Les flere saker om kommunereforma.

Valet

Ja, eller nei til kommunesamanslåing? Det er ikkje så lett å ta stilling, sidan det ikkje er lett å ha oversikt av konsekvensane. I Ørsta og Volda handlar det om å slå saman to kommunar som i realiteten har vakse saman. Fleire har peika på at dette er ein av dei mest opplagde samanslåingskandidatane i landet. Urørstingar og urvoldingar er nok framleis skeptiske til kvarandre, men begge ur-rasane byrjar på bli kraftig utvatna.

Saman med tvang

For folk som skal stemme i Herøy, Sande, Ulstein og Hareid er biletet litt meir komplisert, sidan det er fem, og ikkje to partnarar, i alle fall i første omgang. Dette handlar om å sjå framover. Og dersom vi ser framover er tvangssamanslåing noko som fort kan bli aktuelt. Rådgjevande folkeavstemming har sine sider, men hugs at det er no du har beste sjansen til å seie kva du meiner.Sterkare saman, eller smått er godt?

Folkerøysting om kommunereform: Trur kjensler vil kunne styre valet