Folket i Herøy vil ikkje gå saman  Vanylven, Ulstein, Sande og Hareid i ein ny storkommune, trass i at dei i forhandlingane har både kommunesenter og kommunenamn innanfor sine kommunegrenser.

Likevel var ikkje røysteresultatet frå Herøy det som sende ein torpedo inn i Runde kommune. Trass Herøy-folket sin motstand, var skuta framleis flytande fram til valresultatet frå Ulstein kom.

Til å vere Høgre-ordførar har også Goksøyr stått fram som ein uvanleg sterk reformskeptikar. Det har synt seg i forhandlingane om intensjonsavtale, og kommentarar som at han tvilar sterkt på at Myrvåg vert det framtidige kommunesenteret er ikkje akkurat talen til ein reformfrelst ordførar.

Skepsisen handlar om makt, eller kjensla av makt -  og kjensla av avmakt og litt om økonomi.

Folk i Fosnavåg vil sikkert  protestere kraftig på at Ulsteinvik er sentrum i regionen. Mange vil heller peike på at den høge gjelda til Ulstein er ein minst like viktig grunn til å snu ryggen til skipsbyggarane inne i «Vik».  Likevel er det ikkje tvil om at vekta bikkar i retning Ulstein når fordeling av makt og utviklingskraft skal vegast opp.

I den grad ein kan snakke om eit sentrum i regionen, peikar pila same veg – trass i at passarspissen kan plantast andre stader. Vi såg det same i nordre del av fylket i april. Byane sa ja til omlandet, men omlandet sa nei. Vi ser det same rundt Ålesund. Byen seier ja, omlandet eit rungande nei.

I Ulstein var det eit klart fleirtal for Runde kommune då innbyggjarundersøkinga vart offentleggjort tidleg på kvelden. Saman med eit fleirtal for denne kommunen i Vanylven og eit litt meir nøytralt resultat frå Sande, kunne det vere lett for kommunalminister Jan Tore Sanner å skjere gjennom og nytte tvang.

Runde kommune kunne ha vore den klaraste kandidaten i regionen om Regjeringa skal bruke tvang.  Herøy ville neppe lov til å stå att åleine havgapet, utanfor ein kommune som så langt har hatt namnet frå Goksøyr si heimeøy. Sjølv med sine nær 9.000 innbyggjarar ville ha blitt for smått.

No ligg prosjektet like godt gravlagt i djupet som Runde-skatten, men ser på langt nær like gyllen ut.