Historikarane si sak. Det å felle ein endeleg dom over kven som tapte og kven som vann i denne nokså fastlåste budsjettstriden, vil vel først og fremst vere historikarane si oppgåve når hendingane er komne på avstand og kjeldene opnar seg meir.

Det er liten tvil om at Venstre sleit tungt, og det er forståeleg at Trine Skei Grande måtte ta til tårene, men ho vann fram og sikra at budsjettet så vidt kunne seiast å medføre reduserte klimautslepp. KrF-leiar Knut Arild Hareide som først og fremst var oppteken av KrF sine hjartesaker, lukkast i å få mykje til dei gjennom å binde seg fast til Venstre, og dermed vere ein del av trugsmålet om å seie nei til budsjettet.

Han kunne nok ha fått meir om han hadde stått åleine, men det hadde vore til meir skade for sentrumssamarbeidet.

Slaget står ved valet til hausten

Mykje rart vart sagt og skrive i denne nokså oppheita situasjonen. Det var nok aldri snakk om at Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide tenkte seg å skifte ut Erna Solberg med Jonas Gahr Støre. Hadde budsjettet ikkje blitt vedteke, ville regjeringa ha gått av, og Erna Solberg ville ha fått fleirtal for ei rein høgreregjering i mindretal.

Det samsvarer meir med fleirtalet i Stortinget enn om det skulle bli ei Ap-regjering. Først ved valet til hausten vil slaget stå om regjeringsmakta dei neste fire åra. Ingen av dei ikkje-sosialistiske partia vil kunne få makt utan å gå i allianse med andre. Kva for parti som hamnar under eller over sperregrensa kan faktisk kome til å avgjere kva for eit regjeringsfleirtal vi får.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Reint toskeskap?

Var så ultimatumet som Erna Solberg og Siv Jensen stilte om den sokalla bilpakken ei uklok handling, ja, reint toskeskap for ei mindretalsregjering? Det skapte i alle fall dramatikk, men i ettertid har det kome fram at Framstegspartiet var fast bestemt på å forlate regjeringa dersom bilpakken hadde blitt opna.

Det visste Erna, og med Frp ute av regjeringa, og som frispelar i ein komande valkamp, visste nok statsministeren at prosjektet hennar med eit felles borgarleg regjeringsalternativ ville ha forlist.

Politisk frifant

Det å halde Frp i regjeringa vart for Erna like viktig som det var for Trine Skei Grande å sikre seg støtte frå KrF. Kanskje heng det borgarlege samarbeidet likevel i ein tynn tråd? Tida vil vise det, men den som trudde at samarbeidsavtalen som er grunnlaget for Solberg-regjeringa sitt fleirtal, skulle medføre at Venstre/KrF som støtteparti skulle kome nærare Framstegspartiet som regjeringsparti, og kanskje til og med kunne tenkje seg regjeringssamarbeid, kan nok gløyme det.

Lysta på grunnplanet i Frp til å spele ein slags politisk frifant, har nok auka etter dei tre åra i regjering. På den andre sida er nok partileiinga klar over kor mykje partiet har oppnådd i regjering. Jobben med å forklare veljarane det, blir ei oppgåve i valkampen. Same oppgåva har alle dei fire samarbeidspartia som saman og kvar for seg har oppnådd meir politisk gevinst enn tap på desse åra.

Har gledd Støre

Det er ei tid for alt, og kanskje er fire år ein passeleg regjeringsperiode?

Det blir neppe reint fleirtal for Ap åleine, og ein raudgrøn koalisjon er langt frå ein idyll det heller. Også i ein slik koalisjon må dei små partia lære seg at av og til må dei finne seg i å vike plass når dei større partia trampar i golvet. Det som uansett står att etter kampen om statsbudsjettet denne hausten, og som avgjort er historisk, er at Erna Solberg lukkast i å få Frp og Venstre til å gå saman om eit budsjett for reduserte utslepp av klimagassar. Ho har halde regjeringa samla, men har nok irritert sine samarbeidsparti.

Til gjengjeld har ho gledd Jonas Gahr Støre med at han slepp å ta over eit Storting med borgarleg fleirtal.