Prisvinnere Vinnarar av Sunnmørspostens prisar 2016: Frå v. niesene Gelilah og Silje Hoff på vegner av tanta Elizabeth Hoff, Ingrid Helene Håvik i Highasakite og Karsten Warholm.

Prisvinnere Vinnarar av Sunnmørspostens prisar 2016: Frå v. niesene Gelilah og Silje Hoff på vegner av tanta Elizabeth Hoff, Ingrid Helene Håvik i Highasakite og Karsten Warholm.

Redaksjonell årsrapport for 2016

«Ruskevêr, reformer og nyskaping»

Kva har vore bra, og kva kan bli betre? Kom gjerne med dine innspel.

For åttande gong legg vi fram ein redaksjonell årsrapport der vi summerer opp året vi har lagt bak oss. Sunnmørspostens visjon er å bidra til positiv utvikling av Nordvestlandet, og det skal vi gjere ved å lage god, grundig og uavhengig journalistikk.

At innbyggarane skal ha innsyn i offentlege dokument, er eit viktig prinsipp i demokratiet. Sunnmørsposten måtte jobbe i over eitt år for å få innsyn i ulike dokument knytt til bygginga av sjukehuset i Trondheim. Det vart halde hemmeleg at millionar av kroner var sett av til bonusar. Først då helseminister Bent Høie bad om orientering etter oppslaga i Sunnmørsposten, og sende saka til Riksrevisjonen, kom alle tal på bordet.

Prosjektet «De hemmelige bonusmillionene» vart nominert i grave-klassa i Nordic Data Journalism Awards 2017.

Vi har følgd opp saka vidare, og det kan du lese meir om her.

Ruskevêr

Då stormen «Tor» feira innover kysten vår den 29. januar i fjor, gjorde vi alt vi kunne for å informere best mogleg. Vi laga saker om korleis folk skulle førebu seg til stormen, rapporterte fortløpande om skader og kva folk skulle passe på. Vi kommuniserte kontinuerleg med lesarane gjennom direkteblogg på smp.no, ved å svare på spørsmål, legge ut bilde og fortelje om lause veggplater og båtar som hadde slite seg.

Det fine var at informasjonen gjekk begge vegar; lesarane delte sine observasjonar, bilde, videosnuttar, tankar og opplevingar. På denne måten skapte vi eit digitalt fellesskap stormnatta som fleire gav uttrykk for var nyttig.

I dagane etterpå intervjua vi dei som hadde blitt råka, analyserte skadeomfanget og undersøkte kvifor naudnettet ikkje fungerte som det skulle. Nyhendedekninga av «Tor» er eit døme på godt samspel mellom nett, mobil og papir, som viser at digitaliseringa set oss i stand til å informere endå betre enn tidlegare.

Her er direktebloggen fra stormnatta. 

Arbeidsplassar

Det har også storma i næringslivet i nordvest i 2016, med krise, omstilling og oppseiingar. Alle dei maritime reiarlaga på Sunnmøre har jobba beinhardt for å unngå skifteretten. Vi har følgd utviklinga tett. Det handlar om arbeidsplassar til lesarane våre. Sunnmørsposten har også opplevd ruskevêr, i form av fallande annonseinntekter, og har sett i verk tiltak for å snu utviklinga.

Nordvestlandet står for ein stor del av verdiskapinga i Norge, og derfor er det avgjerande at Sunnmørsposten dekker det lokale næringslivet på ein grundig måte. Det skjer også mykje positivt, med nyskaping, produktutvikling og kreative bedrifter. Dette legg vi også vekt på å formidle, slik at det kan vere til inspirasjon for andre.

Forureining

Plastforureining i havet er eit stort samfunnsproblem. Vi har mellom anna lage reportasje om fuglane på Runde som byggjer seg reir av fiskegarn og plastsøppel. Bildet av ei havsule som heng livlaus utanfor kanten av reiret, kvelt i restane av fiskegarn, viser alvoret. Aller farlegast er den giftige mikroplasten, som blir ete av plankton og flytter seg oppover i verdikjeda til fisk og menneske. I tillegg til å vise fram problema, er det vesentleg å finne løysingar.

Det går føre seg eit viktig forskingsarbeid om resirkulering av plast, slik at det som er søppel kan bli ein verdifull ressurs.

Dette er eit tema vi vil følgje opp vidare i år.

Reformåret

2016 har også vore prega av reformer både innanfor høgskule og kommunar. Høgskolen i Ålesund vart del av NTNU frå januar 2016, og dermed vart Ålesund universitetsby. Kommunereform og regionreform har i høgste grad prega avisa, både på nyheitsplass og på debattsidene. Målet vårt har vore å informere på ein slik måte at folk kan engasjere seg.

Sunnmørspostens dekningsområde omfattar 25 kommunar, og for å kunne gi innbyggarane i alle kommunar best mogleg informasjon, tok vi i bruk den digitale tenesta «Kan du svare». Tenesta er utvikla av SmpLab i samarbeid med svensk datajournalist, og vi brukte den første gong ved lokalvalet.

Ved å tilpasse den litt, kunne folk få høve til å stille spørsmål direkte til kommuneleiinga i sin kommune, og få svar. Deretter kunne vi lage redaksjonelt stoff på spørsmål som opptok lesarane.

I månadane framover blir etableringa av den nye storkommunen Ålesund eit vesentleg tema.

Datajournalistikk

Sunnmørsposten har etablert eit digitalt utviklingsmiljø, SmpLab, midt i redaksjonen, for å utforske nye måtar å jobbe med journalistikk. I reportasjen «Typisk Ålesund» kombinerte vi grafikk, kart, bilde og video for å presentere bydelane på nye måtar.

I fjor laga vi også ei eiga Ålesundsside på smp.no, slik at folk kan gå direkte til smp.no/alesund når dei vil ha bynytt.

I samarbeid med firmaet Innocode har SmpLab utvikla ny digital kulturkalender og vi er i gang med å lage ny personaliateneste. Vi arrangerte også «Duettstafett», der lokale songarar konkurrerte via mobilapp. På denne måten fekk vi presentert lokale talent, som absolutt fortener eit større publikum. 

Kvart år deler Sunnmørsposten ut prisar til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats. Dei tre som fekk årets prisar; Elizabeth Hoff, Ingrid Helene Håvik og Karsten Warholm, har alle markert seg internasjonalt, og er gode forbilde på ulike felt.

For første gang på mange år opplever Sunnmørsposten stigande opplag. Alt på nett er ikkje gratis lenger, og pluss-satsinga viser at det er betalingsvilje for relevant, lokal journalistikk. Det er svært gledeleg, og det gjer at vi ser med optimisme på framtida.

Sunnmørsposten  er ein del av Polaris Media konsern. I den redaksjonelle årsrapporten kan du lese både om Sunnmørsposten og alle dei andre mediehusa på Nordvestlandet.

Rapporten finn du her. 

Har du spørsmål, innspel eller kommentarar til jobben vi gjer? Er det tema vi forsømmer, eller skriv for mykje om? Vi set pris på tilbakemeldingar, uansett om det er ris eller ros.

Send epost til hrb@smp.no

God helg!

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

På denne måten skapte vi eit digitalt fellesskap stormnatta

Leses nå
 

Forsiden nå:

Nyåpning for Myrstad Mathus:

Martine (30) er ny kjøpmann på Myrstad

All innmaten i butikken er ny og påkostet. Og fjerde generasjon har overtatt styringa av matbutikken.